Margit om misjon

Med Margit sitt bidrag til "Saman som kyrkja i heile verda" går vi i siste runden med innsamlingsaksjonen. Sjølv om vi har nådd målet på Spleis er behovet langt større for NMS sit arbeid! Takk for alle som har vore med og støtta aksjonen!

Margit om misjon

I 2019 reiste prestar i Møre til Egypt og eg fekk sjå alle misjonsprosjekta i kyrkjelyden: Bokhandlaren i Kairo, Sat7 og Anafora. Anafora er ein retreatstad dagsenter, skule og heim for ungdom. Mange familier er så fattig at dei må sende frå seg ungdom som vert overlatt heimlause til kriminalitet og overgrep. Ved Anafora får dei hus, mat, skulegang, arbeidstrening og hjelp til å bearbeide traume etter overgrep.

Søster Theresa er eit vidunderleg menneske som gjorde sterk inntrykk. Ho kom ein gong hit som forkomen ungdom, no leier ho nonnene sitt arbeid og er ei kjelde av glede og visdom. Eg har sett at arbeidet vi støttar forandrar liv og gjev ungdom utan håp framtid og tryggleik. Det er bra meiningsfullt!

 

Margit L Holte, sokneprest i Ulstein

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"