Nytt nattverdssett i Ulstein kyrkje

På reformasjonsgudstenesta 31.10. tok vi i bruk eit nytt sett med nattverdskalk og brødfat i Ulstein kyrkje. Ulstein sokn kjøpte det nye settet ved hjelp av ei anonym pengegåve som vart gitt til dette formålet.

Ulstein kyrkje sitt nye nattverdsett med Lutherrose, vert teke i bruk på reformasjonsgudstenesta den 31.10.2017

I den lutherske kyrkja har vi 2 sakrament – dåpen og nattverden. Oppslutning om både dåp og nattverd er høg i Ulstein og ligg over landsgjennomsnittet. For ein del år tilbake vart nattverdsutdeling på to stader, innført i Ulstein. Dette blei også gjort med omsyn til universell utforming. Til dette fekk vi låne nattverdssettet frå Bygdestova i mange år. Dette er vi svært takksame for og vil rette ein stor takk for utlånet i mange år!

Sidan utdeling på to stader har blitt ei permanent ordning i gudsteneste i Ulstein var det behov for eit eige sett. Nokre kyrkjemedlemar har gitt ei pengegåve for at dette kan bli kjøpt. Den nye kalken og det nye fatet skal brukast supplerande med den tradisjonelle middelalderkalken og fatet som har vore i bruk i lang tid.

Det nye settet har enkle og reine former og er laga av sølvbelagt messing. Det har inngravert Lutherrosa og jubileumsdato for reformasjonen, 31.10.2017. Lutherrosa er eit symbol Martin Luther har brukt som segl på sine skrifter og det er ei rose med fem blader med eit hjarte med kors i midten.
Det nye nattverdsettet er godkjent av biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, og blei tatt i bruk for fyrste gong på reformasjonsgudstenesta 31.10.2017.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"