Velkomen til gudsteneste oskeonsdag kl. 08:30

Onsdag, 26. februar byrjar fastetida som er ei førebuingstid mot påska. Velkomen til ei gudsteneste på morgonkvisten.

Velkomen til gudsteneste oskeonsdag kl. 08:30

Treng vi fastetid? Korleis skal det eventuelt gå føre seg?

Å faste er å avstå frå noko, slik at noko viktigare får plass. Det kortsiktige må vike, for at det evige kan bli tydeleg for oss. Vi lev i ei tid der den daglege maten er noko vi treng ikkje å tenkje noko særleg over. Vi er blitt vant til ein høg materiell velstand

Fastetid handlar om å kunne ta ei bevisst pause frå dette, legge vekk noko ei stund og flytte fokus over på noko anna. Har eg det som trengs i min kvardag som gjev mat for det evige livet? Er der opningar på mine vanlege dagar til Herren? Korleis kan Herren lære meg enkle måtar å la Gud få fast plass på menyen?

I fastetida går også den liturgiske farga frå grønt til fiolett, frå fargen for liv og vekst til fargen for førebuing og sjølvransaking.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"