Sommarfest for Ulstein kyrkjelyd

Søndag, 26. mai blir det sommarfest på Kjeldsund for Ulstein kyrkjelyd. Dette er også avslutning for søndagsskulesemesteret.

Sommarfest for Ulstein kyrkjelyd

Det blir ein heil dag med gudsteneste, mat, hoppeslott, kanopadling, historievandring, ansiktsmaling, prat og hygge, leik og moro.

Vi dreg til Kjeldsund som vanleg og startar der med gudsteneste kl. 11:30. Ulstein TweenSing og Korklubben har hatt seminar laurdagen før og kjem inspirerte for å ta del i gudstenesta. For dei som ikkje har transport vil vi fylle opp bilar ved kyrkja ein halvtime før. Dei som kan tilby plass i bilane kan møte ved kyrkja kl. 11. Dersom nokon treng å hentast heime, ring Diakonen på tlf. 909 36 841 nokre dagar før.

Etter gudsteneste vert det høve til å kjøpe kjøttkaker, pølser med brød, brus og sjølvsagt is. Staden er ein fin plass for aktivitetar; kanoane ligg på vatnet, hoppeslott blir sett opp for dei minste, og elles er det planlagt mykje kjekt for store og små. Martin Endresen vil ta dei som har lyst med rundt på ei øyvandring og fortelje om historia til staden. I tre-tida (eller litt før ved dårleg vêr) har vi ei avslutningssamling. Då serverer vi kaffi og saft og set fram kaker, kjeks, frukt eller anna som vi alle hatt med oss.

Her blir det liv og glede for både unge og eldre i kyrkjelyden, så sett av dagen til dette fargerike fellesskapet. Hjarteleg velkomne!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"