Sorggruppe

Vi vil nok ein gong gje tilbod om sorggruppe.

Sorggruppe

Å kjenne på sorg når nokon ein er glad i døyr er ein heilt naturleg reaksjon. Korleis og kor lenge ein sørger er ulikt frå person til person. Alle som sørger må skape eit nytt fotfeste i livet utan den som har dødd, og å sørge samstundes som ein må skape eit nytt fotfeste, er hardt og krevjande arbeid. I eit slikt sorgarbeid har mange gode erfaringar med sorggrupper, der ein møter ulike menneske med ulike historier, men som saman kan støtte kvarandre.

Ei som var med på ei gruppe tidlegare sa det slik; "Sorggruppa hjelpte meg på vegen tilbake til å kjenne livsgleda. Det var så godt å vete at det ikkje var unaturleg slik eg opplevde ting."

Gruppa vert leia av sokneprest i Ulstein Margit Lovise Holte og soknepresten i Hareid Lars Hartig-Tangedal.

Møta vil ta plass på SUFH på kveldstid.

Ta kontakt med kyrkjekontora for påmelding. Påmeldingsfrist 22 november.

Hareid       70095130

Ulsteinvik  70017680

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"