To innhaldsrike dager med bispevisitas

Tysdag, 22.01. og onsdag 23.01. var biskop Ingeborg Midttømme i Ulsteinvik på visitas og fekk sjå mykje av kyrkjelydslivet og av lokalsamfunn i Ulsteinvik. Etter deltaking på eit FN klimamøte i New York kjem biskopen tilbake til Ulsteinvik torsdag, 31. januar. Søndag, 3. februar er det visitasgudsteneste og biskopen held visitasforedrag etterpå.

Det var mange spørsmål borna på dåpsskulen hadde om symbolene på bispekåpa

TYSDAG:
Visitasen starta med morgonbøn i Ulstein kyrkje og påfølgande fagdiskusjon med tilsette i Ulstein sokn med gjennomgang av planar og målstyring.

I Blåtinden barnehage i Haddal fekk biskop Ingeborg sjå korleis born i oppveksten lærer bærekraft gjennom kjeldesortering og kortreist mat. Vi fekk servert omelett laga av egg frå hønene i barnehagen. Borna inviterte til kjekk aking i akebakken.

På bedriftsbesøk hos Rolls Royce Marine blei biskopen kjent med ei global bedrift som presenterte forskning, kunnskap og teknologi for at grøn klimaskifte kan bli realitet. Vi fekk omvising i produksjonen og helse på tillitsvalde og tilsette. Biskopen, som skal tale på ein klimakonferanse i FN i New York til helga, tok med kunnskap og inspirasjon frå innovasjonskrafta til det grøne klimaskifte bedriften jobbar med.

Sjølv om biskopen var overraska over ueigna lokalitetane for konfirmasjonsundervisning, vart det ei flott undervisning der året 100 konfirmantar hadde førebudd gode spørsmål som biskopen svarte på.

Under middagen på Sunnmøre folkehøgskule fekk biskopen presentert det flotte arbeidet på denne skulen, samt det gode samarbeidet med soknet.

Behov for ei ny kyrkje, vegen fram til eit realiserbart skisseprosjekt vi har i dag og det store engasjementet for å få kyrkja realisert fekk biskopen presentert på møtet i planutval for Ulstein nye kyrkje. Utsettingane og utfordringane med å få politisk gjennomslag for prosjektet var også tema i dette møtet

Tysdagens siste programpost var møte med sokneråd med kyrkjelydsarbeid som hovudfokus. Biskopen tok utgangspunkt i Den norske kyrkja sitt visjonsdokument for sin samtalen om det mangfaldige arbeid, kyrkja sitt samfunnsansvar og forvalting av oppgåva som kulturberar. Samtaler om ulike opne fellesskap og ønsker for framtida er avhengig av betra rammevilkår, slik at også kyrkja kan halde fram arbeidet med fellesskap og frivillig arbeid, og vere attraktive arbeidsplassar.

ONSDAG:
Biskopen deltok på grautfrokost med MOT-elevane på Ulstein ungdomsskule og blei orientert om det viktige og imponerande MOT- arbeidet for eit godt miljø. Rektor, rådgjevar og ungdom samtalte med biskopen om korleis ungdom opplever oppveksten i Ulstein.

I møtet med kommuneleiinga vart biskopen orientert om status i kommune og fekk  presentert for korleis kommunalleiarane samhandlar med kyrkja gjennom ulike fora og oppgåver. Samtalen gjekk kring felles utfordringar og samhandling, samt refleksjonar kring utfordringar knytt til lovpålagte oppgåver.

I dåpsskulen for barn som fyller seks år i år viste biskopen fram bispekåpa med dei mange flotte symbol, og biskopen fekk ein fin dialog med interesserte born.

Med biskop, prost, rådgjevar, sokneprest og soknerådsleiar til stades fekk Nykyrkjekarane fem damer på besøk i sitt møte. Nyrkyrkjekarane orienterte biskopen om samfunnsengasjementet og innsamlingsarbeid den nye fellesskapen samlar seg rundt.

Under avslutninga for Ten Sing- øving i Ulstein kyrkje fekk biskopen oppleve eit stort og svært aktivt ungdomsarbeid med fin song. Biskopen hadde ei helsing lyste velsigning for ungdomane før ho reiste frå Ulsteinvik.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"