Resultat Kyrkjeval for 2019 Ulstein sokneråd

Ved kyrkjevalet 2019 har følgjande åtte personar blitt valt inn i Ulstein sokneråd for perioden 2019 – 2023 med denne rangeringa:1) Annelise Kleven Godø, 2) Odd Arne Vikebakk, 3) Karianne Sveen Orvik, 4)Hannelore Måseide, 5) Bodil Elin Voldsund, 6) Lidbjørn Vattøy, 7) Karete Malen Nesset, 8) Cecilie Frantsen Skeide.

Resultat Kyrkjeval for 2019 Ulstein sokneråd

Dei følgjande fem personar har blitt valt inn som varamedlemar med denne rangeringa:
1) André Sæter, 2) Andreas Alexander Felix Sæbø, 3) Åsmund Lunde, 4) Kristian Osnes, 5) Hildegunn Karin Lillebø Fiskerstrand

Saman med val av sokneråd vart det også valt nytt bispedømeråd i Møre bispedøme.

Valet blei holdt i alle krinsane i Ulstein kommune på same tidspunkt med kommune- og fylkestingval. Vallokala var plassert i dei same hus som kommunevalet sine vallokale.

828 av dei 5402 røysteføre kyrkjemedlemane i Ulstein røysta ved kyrkjevalet. Dette gir ei oppslutnad på 15 %. Samanlikna med kyrkjevalet i 2015 er dette ein nedgang på 7%.

Ulstein sokneråd har sitt konstituerande møte 30. oktober, leiaren i soknerådet vil bli valt på dette møte. Det nye soknerådet i Ulstein trer i funksjon 1. november. Saman med ordføraren som kommunalrepresentant utgjer soknerådet også Ulstein kyrkjelege fellesråd. Ulstein kyrkjelege fellesråd trer i funksjon 1. desember.

Det nye soknerådet går inn i ei spanande periode. Kyrkjelyden veks i takt med befolkningsveksten i Ulstein, og med dette aukar også behov for større og tenlege lokale frå år til år. Å kome fram til ei god løysing for dette vil vere ei sentral oppgåve å løyse saman med det nye kommunestyret.

Det er stor oppslutnad om dåp, konfirmasjon, vigsle, gudstenesteliv, trusopplæring, barne- og ungdomsarbeid, musikalsk arbeid og diakoni. I samarbeid med mange frivillige organisasjonar er Ulstein kyrkje ein viktig samfunnsaktør som er med i å gjere Ulstein til ein attraktiv stad å bu. Soknerådet treng å ha fokus på å bygge nettverk, engasjere frivillige og skape rom for mange ulike fellesskap. Å bygge kyrkjelyden og vere «Saman på ferda» er den flotte oppgåva det nye soknerådet har og vi ser fram til eit nytt engasjement for dette.

Den komande soknerådsperioden er også ei tid der ein del nye tilsette skal byrje å jobbe i Ulstein sokn. Vi er også i gang med eit viktig vedlikehald av Ulstein kyrkje som det nye soknerådet vil arbeide med.

Vi ønskjer det nye soknerådet alt godt for den oppgåva dei er valt til!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"