I vinterferien reiser vi til Orreneset leirstad, frå første fredag i ferien til tysdag. Her blir det ski, uteleik og aktivitetar, sang, film og samlingar innandørs.
I starten av sommarferien reiser vi også til Orreneset leirstad. På sommaren vert det bading, kano, fotball og fjelltur, og fine samlingar både inne og ute.
På leirane er det med kjekke ungdomsleiarar, og fleire av dei tilsette i kyrkja.