Påmelding konfirmasjon 2024

Konfirmasjon – Tid for dei store spørsmåla.

Påmelding til konfirmantåret

Du kjenner kanskje nokon som er konfirmert? No er det DIN TUR!
Vi gler oss til å gje deg og foreldra dine meir informasjon om kva det vil seie å vere konfirmant. 30. Mai 2023 blir det infosamling i Ulstein kyrkje kl 18.00, der du vil få meir informasjon om konfirmantåret, og du får sjansen til å spørje om alt du lurer på som har med konfirmasjon å gjere! Dato og klokkelsett for denne samlinga kjem seinare.

Allereie no kan du vite om desse datoane

  • Presentasjonsgudsteneste (offisiell oppstartsmarkering) blir i Ulstein kyrkje søndag 22. oktober kl. 18.00 for alle konfirmantar.
  • Superonsdag: Onsdag 06. desember kl. 14.00 – 17.00. Temasamling pluss førebuing til lysmessa.
  • Søndag 10. desember kl. 18.00: Lysmesse i Ulstein kyrkje.
  • Konfirmasjon blir laurdag 14. og søndag 15. september 2024.
  • For å bli konfirmert må du følgje den obligatoriske konfirmantundervisninga. Mykje av  undervisninga foregår på leir. Difor MÅ konfirmantane prioritere å delta på ein av desse to leirane: Anten fredag til tysdag i vinterferien (16.-20. februar 2024), eller starten av sommarferien (21.-25. juni 2024). Meir info om dette på infosamlinga i Ulstein kyrkje.

Velkomen til leir, gudsteneste, bøsseinnsamling, undervisning, diskusjon, lystenning, bibel, bøn og mykje meir!​

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"