Dåp i Alver

Det største skal få henda når vatn møter hud...

Når eit barn blir boren til dåp, blir vi minna om at ingen kan bera seg sjølv. Gjennom dåpen blir vi ein del av eit fellesskap som strekkjer seg over heile verda – og gjennom alle tider. Det er ei markering der barnet har alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og der Gud lover å følgje barnet alle dagar.

Dei aller fleste søndagar er dåp ein del av gudstenesta. Hjerteleg velkomen til i dåp i ei av våre kyrkjer!

Om registrering av dåp:

Dei fleste vel å halde dåp i den lokale kyrkja si. Ved barnedåp vil barnet i åra som kjem få invitasjon om å ta del i forskjellige aktivitetar i kyrkjelyden, som ein del av trusopplæringsarbeidet vårt. Kyrkja i Alver har ei elektronisk løysing for bestilling av dåp via nettsidene.

Fadderane må vera medlem av Den norske kyrkja eller ei trussamfunn som praktiserar barnedåp, og vera fylt 15 år.

Ynskjer de dåp i ei kyrkja som ligg utanfor Alver kommune, må de først ta kontakt med kyrkjekontoret der de ynskjer dåpen. Deretter tek de kontakt med oss i Alver for å avtale dåpssamtale lokalt. Dette kan de anten gjere via nettportalen vår (huk av for at påmeldinga kun gjeld dåpssamtale) eller på telefon 4000 1691.