Glade vinnarar av KyrkjeQuizen

Familien Bernssen vart dei heldige vinnarane av godtekorg, gåvekort og bibelquizbok. Sykkelturen til Alversund kyrkje resulterte i hovudpremien på KyrkjeQuizen.

Glade vinnarar av KyrkjeQuizen

– Veldig gøy å vera med, og kjempegøy å vinna, seier Lena og Håvard Bernssen som deltok saman med barna Tuva (6) og Nora (1).

– Vi sykla til frå Hillandfeltet til Alversund kyrkje. Eg måtte senda ei melding til ein eg kjenner på leit etter svar på det eine spørsmålet, fortel Håvard. Familien kom fram til den riktige totalsummen på 53.

– Barnespørsmåla var ikkje vanskelege. Men det var litt mange vaksenspørsmål, synes Tuva. Ho sprang rakst frå post til post og var den som leia an i jakta på spørsmålsarka rundt kyrkja.

– Vi er vande med å vera med på sporløp på leir og er godt i gang med stolpejakta, fortel familien då dei hentar premien på kyrkjekontoret i Knarvik. Pappa opnar quizboka, og Tuva svarar raskt og riktig på første spørsmål. Godtekorga ser òg ut til å falla i smak for både små og store.

– Her kan vi dela med andre. Kanskje vi kan invitera nokon på besøk?, seier mamma Lena Bernssen, som vart trekt ut som den heldige vinnaren.

Dei andre to premiane beståande av quizbok, gåvekort og sjokolade, gjekk til Irene Vemmelvik og Victoria Kjemphol Dahl.

KyrkjeQuizen var plassert ut rundt Alversund, Knarvik, Lygra og Seim kyrkje frå midten av mai og fram til pinse. Vi takkar alle som har vore med og ser ikkje vekk ifrå at det kan bli fleire rundar med KyrkjeQuizen til neste år.

Svara på alle spørsmåla finn du i dokumentet under.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"