Minnelund - eit alternativ til gravstein

Stadig fleire ønskjer å leggje sine døde i felles gravstader. Redaksjonen i kyrkjebladet vil derfor gjennomføra ei spørjeundersøking om dette temaet på Facebook-sida til Knarvik kyrkje og vil gjerne ha di mening.

Fleire ønskjer minnelundar

Etterspørselen etter minnelundar har auka så kraftig at nesten halvparten av kommunane i landet no har minst ein minnelund. Jens Z. Meyer, rådgjevar ved Bjørgvin bispedømekontor, opplyser at det er slike mellom anna på gravplassen ved Åsane gamle kyrkje, ved Fana kyrkje og Kuventræ i Os. Voss har nett fått godkjenning. Me har spurt kyrkjeverja i Alver, John Fredrik Wallace, om minnelundar har vore tema i Alver kyrkjelege fellesråd (AKF).
- AKF har så langt ikkje jobba mykje med minnelundar, men det ligg no til rette for dette i vedtektene som fellesrådet har vedtatt for gravplassane i Alver kommune, seier han. Dette er eit første steg. Det er til no ingen minnelundar i kommunen.


Ny gravplass på Lindås

Lindås kyrkjelege fellesråd hadde lenge arbeidd med å utvida gravplassen på Lindås, og fellesrådet i Alver har overtatt dette. I første byggjesteg er namna minnelund ein integrert del av ny gravplass, i tillegg til 72 urnegraver og 181 kistegraver.
I Radøy sokn har ein arbeidd med å leggja til rette for ein minnelund på gravplassen ved Manger kyrkje. Det er ikkje tilrettelagt for minnelund på Knarvik kyrkjegard. Det må vurderast og fellesrådet må drøfta og ta stilling til det.
Neste prosjekt er i Meland sokn. Ny gravplass ligg i kommunen sin langtidsplan, og minnelund er sjølvsagt også aktuelt der.
Tradisjonar i endring


Gamle tradisjonar er i endring, nye generasjonar tenkjer annleis enn dei gjorde før. Gravstellet har følgt garden. Den som overtok garden, overtok også gravstellet. Slik er det ikkje lengre. Mange opplever ein namna minnelund som eit fint og tilrettelagt alternativ til eigen gravstein.
-Det er naturleg å ha namna minnelund på meir enn ein stad i Alver kommune, men ikkje på alle 25 gravplassarne. Dette tar tid, og me må jobba godt med dette, avsluttar kyrkjeverja.

 

Fakta om minnelund

Ein minnelund med namn er eit felles minnesmerke. Det er kun urnegraver på ein slik minnelund. Det blir ikkje sett eit gravminne ved kvar urne. I staden for kan ein velje å setje opp namn og årstal for fødsel og død på den gravlagte på ei minneplate. Alle desse minneplatene vil ha same utforming.
I ein minnelund med namn vil gravplassforvaltinga sørgje for felles beplanting og dei etterlatne kan setje blomar og lys der. Ein betalar inn ein eingongssum. Dette er vanlegvis langt mindre enn det du må ut med for stell av ein gravstad med eige gravminne.

Gravferdsforskrifta vart endra i 2012 og fekk då eigne punkt for minnelundar med namn. Endringa opnar for at gravferdsforvaltninga i kvar kommune (kyrkjeleg fellesråd) sjølv kan vedta å etablere ein eller fleire minnelundar.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"