Utdeling av 4-årsbok

Søndag 18. oktober kl. 11.00 er familiegudsteneste med utdeling av 4-årsbok i Knarvik kyrkje. Her kan du melda på barnet ditt.

PÅMELDINGA TIL 4-ÅRSBOKUTDELINGA SKJER HER. 

Frist: Mandag 12. oktober. Av smittevernomsyn må alle denne gongen melda seg på.

Ved påmelding skriv du inn telefonnummeret ditt og får tilsendt ein firesifra eingongskode på sms. Meld så på med barnet sitt namn, fødselsdato og postnummer og skriv om de ønskjer boka på nynorsk eller bokmål.

Til gudstenesta 18. oktober er det dei som vert 4 år i andre halvdel av 2020, og har postadresse Alversund eller Isdalstø, som får invitasjon og 4-årsbok. Dei som hadde bursdag i første halvdel fekk invitasjon i vår.

– Om nokon andre av årets 4-åringar i Knarvik/Alversund-området ønskjer å vera med på gudstenesta og få boka, men ikkje har fått brev frå oss, så er de  likevel velkomen til å melda til dykk på, seier trusopplærar Nina Jenny T. Monstad.

På familiegudstenesta skal det handla om Jesus og dei store bølgene.

– Me ønskjer at barna skal vere sentrale i familiegudstenesta, som varer ca 1 time. Kyrkekaffi med ispinnar og aktivitetar er ferdig ca kl 13. Alt er gratis, seier Nina Jenny som du møter på gudstensta saman med sokneprest Geir Øy.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"