I år, utan fysiske gudstenester i mykje av desember, får du her noko heilt nytt:
Kvar dag frå 1. desember til og med julaftan får du høyre ei lita historie. 24 ulike personar i Meland blir utfordra til å fortelje ein liten bit frå deira trushistorie, ei forteljing om noko som har betydd noko for dei.
Lukene startar med namnet på den som skal fortelje, så kjem den korte historia (2-4 minutt), før det vert avslutta med velsigninga ved ein av prestane. Slik får du ei dagleg oppmuntring i adventstida.
På sundagane vert luka litt meir innhaldsrik: Då kjem også evangelieteksten, adventslysa blir tent til songen Tenn lys, og etter historia kjem både Fadervår og velsigninga.
Vi har håp om å fylle alle dei 24 lukene, men er ikkje i mål enno, så dette blir spanande!