Måndagskveldane frå 19.00-20.30 er det tilbod om gratis norsk-kurs på Møteplassen for utlendingar. Fem flinke og erfarne lærarar deler på undervisninga, som dei gir gratis. Det einaste studentane må betale for er lærebøkene. Det går an å bli med sjølv om kurset er igang. Ta kontakt.
Gratis norsk-kurs
Norskkurset er stengt pga. koronasituasjonen. Vi håper å opne att etter jul. Mange som har flytta til Norge, har ikkje rett på gratis norsk-kurs frå staten. Andre treng repetisjon. Felles er: å lære norsk er det viktigaste steget inn i det norske samfunnet.