KNARVIK:
Direktesendte digitale gudstenester Skjærtorsdag, Langfredag og Påskedag. Dette er felles gudstenester for Alver med medverkande frå fleire kyrkjelydar. Sjå lenken nederst for å få vite meir om desse gudstenestene.
MELAND:
Palmesundag - Tre eigne dåpsgudstenester. I tillegg er lagt ut ei flott helsing til alle, sjå nedanfor.
Skjærtorsdag - Open kyrkje kl. 11.-13.00. Det blir mogleg å gå inn i kyrkja, saman med dine nærkontaktar/din kohort, tenne lys, vere der i stillheit og bøn, lytte til musikken og få nattverd. Det er ikkje noko arrangement, altså utan byrjing og slutt. Nattverd vert delt ut etter kvart som folk kjem. Diakon Ruben Sæle og spesialprest Håkon Økland Kinsarvik vert tilstade i kyrkja. Ove Danielsen og Trond Fykse vert også tilstades og sørger for musikk.
Same kveld blir det direktesendt gudsteneste frå Knarvik, sjå lenke nederst.
Langfredag - Denne dagen blir det direktesendt gudsteneste frå Knarvik kyrkje kl.11:00. Her medverkar m.a. sokneprest Bjørn Tore Sæle og Eva Kristin Wessmann, som også er med på torsdag. Sjå lenke nederst.
Påskedag - Ei eiga dåpsgudsteneste. Same dag blir det direktesendt gudsteneste frå Knarvik kyrkje kl.11:00, sjå lenke nederst.
Noko ein kan gjere saman heime
Ei ressursside for barn frå Bibelselskapet. Høyr/les påskeforteljingane, last ned gratis fargeleggingsark, oppskrift på påskemåltid. Bibelselskapet
Søndagskolen Norge har påskeressursar på nettet.
Israelsmisjonen sel ein digital påskepakke med mange ressursar for påskemåltid.
Andre tilbod på TV eller nett
NRK sender gudstenester både på TV, NRK1 og radio i heile påsken. Her er lenke til palmesøndagsgudstenesta. Det vert lagt ut gudstenester på You Tube eller Facebook frå ulike kyrkjelydar - søk "gudstjeneste" eller "gudsteneste".
Treng du å snakke med nokon?