MILK

Dette er eit tilbod til dei som er ferdige som konfirmantar i år, og som kan tenkje seg å prøve ut kva det vil seie å vere ungdomsleiar i kyrkja. Kurset er eit samarbeid mellom kyrkjelydane Lindås, Hundvin, Myking, Hjelmås, Ostereidet og Vike.

MILK

Meir om kurset

Det kjem til å bli arrangert 5 samlingar no i haust.   Oppstart vert i september. Datoane  kjem vi attende til.  Kyrkjelydane kjem til å byte på å ha samlingane.  Samlingane  varer om lag 2- 2,5  timar,  om lag ein gong i månaden.  

Ei av samlingane vert kalla for MILK-laurdag. Denne dagen kjem vi til å reise på ein tur og ha eit opplegg heile dagen.  Her vert det fokus på det sosiale, undervisning, teamaktivitet, god mat, etc. 

Tema

På MILK  kjem ein til å jobbe meir med desse tema: Samarbeid, kommunikasjon, eigenutvikling, Du og dei andre, Du og Gud,  Prioritering, Mål og styring, m.m.  Vi tek og sikte på å få med oss flinke undervisarar som skal dele sine erfaringar.

Praksis med rettleiing

Deltakarane kjem til å få god oppfølgjing av leiarane av MILK-kurset. Saman skal dei verte samde om kor deltakarane skal ha sin "ungdomsleiarpraksis".   Det kan vere i  søndagsskule, klubb, speidar, Lys Våken, Tårnagentar, etc.  Talet på praksistimar vil kome på avslutningsdiplomen for kurset.

Avslutning og kursbevis

Når kurset er gjennomført, vil deltakarene få utdelt eit kursbevis.  Dette kjem til å skje under ei høgtidleg markering i kyrkjelydane.  Eit slikt bevis er godt å ha når du eventuelt skal søkje på sommarjobbar eller andre ting.

Greit å vite

  • Før du melder deg på, er det viktig at du tenkjer igjennom om du har tid og lyst til å vere med på eit slikt opplegg. Med andre ord, spør deg sjølv om kor motivert du er for å bli med.
  • Kursbeviset du får kan vere smart å ha på ein CV når du seinare skal søkje jobb.  Om du ønskjer det, kan kursleiarane stille opp som referanseperson for deg.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"