Du er velkomen til å vere med i konfirmanttida sjølv om du ikkje er døypt. Sjølve konfirmasjonsgudstenesta føreset at du er døypt. Kvart år blir om lag 1000 ungdommar døypte i konfirmanttida.
Ved påmelding til konfirmasjonsundervisning krysser ein av om konfirmanten er døypt i Den norske kyrkja. Om ein ikkje er det, avtalar prest eit møte med konfirmant og forelder/føresette der ein avklarer om dåp er ønskjeleg.
Har ein spørsmål i samband med dette tema, kan ein ta direkte kontakt med presten. Sjå etter kontaktinfo på nettstaden.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.