Nokre grunnar til å velje kyrkjeleg konfirmasjon
- Du får oppleve kva kristen tru er. Kristendommen blir meir enn berre ein del av eit skulefag.
- Konfirmasjonsdagen er berre din, og du har ein dag kor du blir stadfesta for den du er. Ein dag som ikkje er bursdag, men ein helt spesiell dag kor alt er for deg.
- Du får oppleve eit nytt fellesskap med andre på samlingar, leir eller weekend, og bli kjend med nye menneske, og kanskje får du ein ny venn?
- Du får engasjere deg for andre mennesker. Dette gjer du blant anna ved å delta i Fasteaksjonen, kor du får vere med å samle inn pengar til reint vatn med Kirkens Nødhjelp. Du får også lære kva vi kan gjere for å ta vare på jorda og klimaet vårt.
- Konfirmasjon er eit fint høve for de som er glad i deg til å feire deg og det du betyr for dei.
- Du får tid til å reflektere over store spørsmål, og bli kjend med kva du trur på – og kva verdiar som er viktig for deg.
- I konfirmasjonstida snakkar vi om sorg og glede, om store og små spørsmål i livet.
- Vel du kyrkjelege konfirmasjon er det ein moglegheit til å tenkje sjølv. Du får tid til å reflektere, tenke kritisk og sjølvstendig til kva tru og kristendom er.
- Som ein konfirmant sa «Å konfirmere seg kristeleg gjev liksom litt meir meining». Du blir del av eit større fellesskap.
- Du møter folk med forskjellige meiningar, med ulike bakgrunnar, og saman med dei lærer du noko felles.