Sorg blir opplevd så ulikt. Menneske er ulike, og sorgsituasjonane er så ulike. Men det kan likevel vere godt å samlast. Kjenne at vi ikkje er åleine. Vite at vi er mange som sit med sorg og sakn, og kjenne at her står vi saman.
Allehelgensdag / Helgemessesundag er ein tradisjonsrik dag i kyrkjeåret. Mange tenner lys på gravene, og mange stader ber ein inn til open kyrkje og ei særskilt gudsteneste.
Det vil vi og gjere i år. Difor går brevet til den av dykk som står som anten festar av grava eller kontaktperson for gravferda. Vi håpar at du kan formidle innbydinga vidare til andre som kan tenkje seg å vere med:
PROGRAM:
-Mellom kl. 17. og 18: Open kyrkje, der du kan gå stille inn når det høver. Boris Kuprijanov speler dempa orgelmusikk. Du kan sitte i stillheit, og det er høve til å tenne lys i lysgloben.
-kl. 18.00 blir det ei enkel og kort minnegudsteneste, med salmar om håp og trøyst, og vi les opp navna på dei som er avlidne sidan sist Allehelgensdag, medan vi tenner eit lys.