Alle er hjarteleg velkomen til Ostereidet kyrkje søndag 14. november kl. 11.00.
Kanskje du som 4-åring var på FØRSAMLING i kyrkja fredag 12 november, eller møter oss for første gong i kyrkja denne søndagen. Barnekoret TUSENFRYD frå Leknes vert med, og trusopplærar i Lindås- og Osterfjorden, Ove I. B. Danielsen har mellom anna hovudansvaret for utdeling av 4-årsboka. Prest er Magne Bjørndal, kantor er Boris Kuprijanov - og saman skal vi få ei fin stund saman.
Det vert kyrkjekaffi, med bollar og saft og kaffi!