Kyrkja mest digital i påska 2021.

Det blir ingen opne gudstenester i Alver kommune denne påska, grunna smittesituasjonen i Norge! Dette gjeld fram til 12. april.

Kyrkja mest digital i påska 2021.

Digitale tilbod i Alver:

Du kan sjå digitale gudstenester frå Knarvik kyrkje:

  • Skjærtorsdag frå kl. 18
    Prest Ole Marton Ølberg (Lindås), prest Geir Øy (Knarvik), Marta Hvidsten (Radøy), Eva Kristin Wessmann (Meland), organist Odd Leif Mjøs (Knarvik).
  • Langfredag frå kl. 11
    Prest Bjørn Tore Sæle (Meland), Geir Øy, Jorunn Molvik Hopsdal (Osterfjorden), Eva Kristin Wessmann (Meland), Odd Leif Mjøs.
  • Påskedag frå kl. 11
    Prost i Nordhordland Helge Taranrød, Geir Øy (Knarvik), Karin Tørnquist Wallace (Knarvik), Kjersti Møllerup Wiik (Knarvik), Viljar Bjørsvik Rath (Knarvik), Odd Leif Mjøs (Knarvik).

Dette er felles gudstenester for Alver med medverkande frå fleire kyrkjelydar. Gudstenestene vil vere tilgjengelege ei veke.

Vi minner om at NRK og sender gudstenester i påska.

Open kyrkje i Ostereidet Skjærtorsdag 1. april

Kyrkjedøra i Ostereidet vil vere open på Skjærtorsdag frå kl. 18-20, og du er velkomen til å stikke innom.

  • Det er fint om du har munnbind på. (Har du ikkje, kan du få).
  • Du kan kome åleine, eller med nokon du bur i lag med.
  • Du kan tenne eit lys om du vil.
  • Du kan setje deg ned ei stund i fred og ro.
  • Kan hende høyrer du litt musikk frå orgelgalleriet av og til.
  • Soknepresten kjem til å vere der. Sei frå om du ønskjer ein prat, eller nattverd.

Kyrkjerommet er ein god stad å vere!

Ønkskjer du nattverd eller samtale i kyrkja, eller berre ein telefonprat? Send sms til Sokneprest Torbjørn Aamli (Tlf. 476 21 201). Då ringjer han deg opp.

Med ønskje om ei velsigna påskehøgtid, og håp om betre tider!

 Helsing frå Ostereidet sokn

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"