Osterfjorden sokn inviterer til småbarnstrall i Hjelmås kapell. Småbarnstrall er eit tilbod for born i alderen 0-5 år. Samlingane startar med ei felles songstund. Etterpå vert det lunsj, der alle har med si eiga nistepakke. Kaffi og te blir servert.
Småbarnstrall vil denne hausten vera annakvar onsdag i oddetalsveker kl 10.30 -12.30. Første oppstart vert tysdag 8. September.
Datoar for hausten 2020: 8/9, 22/9, 20/10, 3/11, 17/11, 1/12, 15/12
Tilbodet er gratis og vi ynskjer å legge til rette for ein sosial møteplass for små og store.
Alle er velkommen, også om ein ikkje er medlem av Den norske kyrkja.
Velkommen til både store og små!
Du finn også informasjon om småbarnstrall på Facebookgruppa til småbarnstrall: https://www.facebook.com/groups/789326314782571
Tiltak for å redusere smitte av Korona
Vi vil til ei kvar tid følgje retningslinjer frå folkehelseinstituttet og gjera det vi kan for å redusere risikoen for smitte. Vi vil leggja forholda til rette i lokalet slik at ein kan overhalde 1 meters avstand mellom kva husstand. Vi ber også om at foreldre/føresette tar med ei matte/teppe eller pute til kvart barn. Det er også veldig fint om dei som har barnevennleg musikk instrument/rytmeinstrument som er lett å ta med til samlinga tar dette med frå heimen.
Minner også om at dersom du eller barn er sjuk eller har andre luftvegsymptom kan du ikkje delta på arrangementet.