Visitas
Formålet med bispevisitasane er å legga forholda til rette for aktivt engasjement og stadig fornying i kyrkjene våre. Vidare å støtta, inspirera og rettleia kyrkjelydar og tilsette, og gjera kyrkja sitt nærvær synleg i lokalsamfunnet. Dei er eit institusjonalisert og rettsleg ordna besøk for å utøva kyrkjeleg tilsyn, med særleg vekt på på forkynninga av Guds ord i soknet.
Saman med sokneråd og tilsette skal biskopen under visitasen gå inn i eit felles arbeid for å prøva kyrkjelydslivet på Guds ord og kyrkja si vedkjenning, og inspirera til frimod og fornying. Kyrkjelyden sitt arbeid skal også vurderast opp mot dei planar som ligg føre frå kyrkjelege organ.
Programmet
Vi ønskjer at biskopet sjå både Mo, Vike og Ostereidet kyrkje og Hjelmås kapell. Av programmet kan vi nevne samtalar med tilsette, sokneråd, fellesråd og kommune, og representantar for ulike arbeidsgreiner. Det blir medarbeidarsamling og samrådingsmøte, og gudsteneste i Mo (Onsdag kveld 2.12), før sjølve visitasgudstenesta i Ostereidet sundag 6.12 kl. 11, der biskopen kjem med eit visitasføredrag. Endeleg program må eventuelt bli tilpassa Korona-situasjonen.