Konfirmasjon

Konfirmanttida i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Ho er like mykje for deg som tvilar eller er nysgjerrig på trua. I konfirmant-tida får du høve til å utforske mange viktige spørsmål saman med andre.

Kva lærer du? Under konfirmasjonstida skal alle ha arbeidd med trusvedkjenninga, Fadervår og bodorda. Konfirmantane skal ha godt kjennskap til gudstenesta, sakramenta (dåp og nattverd) og kjenne den store forteljinga i Bibelen, sett i lys av så vel si eiga som fellesskapet si forteljing.

Konfirmasjonstida skal fremje opplevinga av eigenverd og leggje til rette for at konfirmantane kan sjå seg som skapte, elska, frelste og haldne oppe ved Guds kjærleik.Konfirmantane skal arbeide med eiga tru og undring gjennom samtale og refleksjon. Dei unge skal kjenne til og få høve til å delta i ulike former for tru i praksis som gir kunnskap og trusopplevingar. Gjennom konfirmasjonstida skal det leggjast til rette for at konfirmantane kan bli kjende med og delta i deler av kyrkjelydsarbeidet.