Kjære 50-årskonfirmant

Det er no 50 sidan du vart konfirmert i Austrheimkyrkja. Datoen var i fylgje kyrkjeboka 12.mai 1974.

Kjære 50-årskonfirmant

Austrheim kyrkjelyd ynskjer i samband med dette 50-års jubileet å invitera deg og ektemake eller anna fylgje til gudsteneste med påfylgjande bevertning.

Det er Austrheim sokneråd som står for arrangementet.

 

Datoen for samkoma er i år sett til sundag 6.oktober kl 12.00.

Vi håpar du har høve til å koma.

 

Dagen tek til med gudsteneste i Austrheim kyrkje kl. 12.00.

Det vert festmiddag, kaffi og kake på Kilstraumen Brygge.

Vi står for maten og har litt av programmet,

men det er de som skal samlast og ”mimra” om gamle dagar.

 

Pris for festen vert kr. 600,- pr. pers. (Vert betalt på festen)

I etterkant av gudstenesta tek vi eit bilete av dykk, som vi sender til den enkelte ei stund etter festen.

 

Når det gjeld reisa, så ta kontakt med oss dersom du har problem med

å koma fram. Kanskje kan vi formidla skyss med andre jubilantar?

 

Det hadde vore fint å høyra frå dei som ikkje kan møta òg,

vi kan bringa fram helsing på festen.

 

Er det nokon som har bilete frå konfirmasjonsdagen ?

Ta det med !

 

På oppfordring frå tidlegare 50-årskonfirmantar tek vi med at for dei jubilantane som har bunad er dette eit fint høve til å bruke den.

 

Hjarteleg velkomen. Helsing Helge Dyrkobotn, soknerådsleiar, og Leif Arne Økland, kyrkjeverje.

PÅMELDINGSFRIST: FREDAG 27.september 2024

* Send inn påmeldingslippen til:

Austrheim sokneråd Austrheimsvegen 1258 5943 Austrheim

* Eller ring:

Kyrkjelydskontoret tlf. 56 16 72 90

* Eller send e-post til:

post.austrheim@kyrkja.no

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"