Årsmelding 2018 for Austrheim sokneråd

Her kan du lese årsmelding for 2018. Nederst i artikkelen kan du laste ned årmeldinga som pdf

Årsmelding 2018 for Austrheim sokneråd

Arbeidsmålet for kyrkjelyden i Austrheim: Den Norske kyrkja i Austrheim skal vera ei vedkjennande, misjonerande, diakonal og open folkekyrkje. I forkynning, opplæring og omsorgsteneste er målet at menneska skal koma til tru på Herren Jesus Kristus og finna ein plass i eit frigjerande og forpliktande fellesskap.

Visjon: Austrheimkyrkja – tru, fellesskap og deltaking.

 

Soknerådet 2018:
Leiar:           Helge Dyrkolbotn                            
Nestleiar:     Anny Bertelsen                            
Medlemar:   Arne Lerøy, Bjørn-Helge Olsen, Sylvelin Strømmen Fonnes,
                    Britt Leikvoll Ystebø, Kine Alfredsen Lerøy, Jusu Gyflan, Anita Bakke, Svein Villanger

Varamedl.: Inger Synnevåg, Einar Austrheim, Henrik Nielsen, Kjell Dahle, Trond Einar Sørensen

Representant for biskopen: Per Børge Hillestad  
Vararepresentant : Kjell Sekkingstad                                                                 

Kommunal representant:    Anne Dahle Austrheim    -Kommunal vararepresentant:   Jorund  Stellberg


Arbeidsutval:
Soknerådsleiar, nestleiar, prest og kyrkjeverje.
Kan førebu  soknerådsmøter, og kan ta avgjersler etter delegering frå soknerådet.

Administrasjonsutval:  
Samansett av to medlemar frå arbeidsgjevar (soknerådet) og ein frå dei tilsette.     
Leiar: Britt Leikvoll Ystebø, Svein Tomas Villanger.
Frå tilsette: Jostein Hauge.  Oddrun Karin Sæle (vara).
Representantane frå soknerådet (arbeidsgjevar) fungerer også som lønsforhandlingsutval.

Tilsette:
Soknerådet er arbeidsgjevar for 7 tilsette, som  for tida utgjer ca. 3,84 årsverk mot 4,2 årsverk i 2017.

Kyrkjeverje 100%        Leif Arne Økland
Kyrkjelydspedagog:     Jostein Hauge (60 % - 5% refusjon frå Fedje pga felles konfirmantopplegg)
Kyrkjemusikar:            Jostein Hauge (40% ).
Trusopplærar 45% - (30% frå  01.08.2018) Mia Krüger Etokebe (midlertidig til og med 31.07.2019)  
Kyrkjetenar:            Gry Haukeland (18%)
Reinhaldar kyrkja        Gry Haukeland (15 %)
Reinhaldar kyrkjelydshuset:     Oddrun Sæle (12,21%)     
Kyrkjegardsarbeidarar:    Stein-Olaf Jordal (100%)
(ca 15% av stillinga vert disponert av kommunen – teknisk avdeling).
Willy Villanger (8,54 %)

Trusopplærarstillinga har hovudansvaret for konfirmantundervisninga og oppfølging av konfirmantleiarane.  Fram til 01.08.2018 hadde trusopplærar ansvaret for trusopplæringstiltaka på Fedje.  Dette vart endra frå og med 1.august, noko som har medført reduksjon i stillinga. Stillinga vert finansiert av trusopplæringsmidlar og frå soknet sitt eige budsjett.

Klokkartenesta vert utført på dugnad – sjå eige avsnitt

Vi har avtale med Fedje sokn om 5% refusjon av Jostein Hauge si løn som kyrkjelydspedagog – for administrasjon av det som er eit felles konfirmantopplegg med Fedje.

Austrheim kommune refunderer 15 % av Stein-Olaf Jordal si stilling som kyrkjegardsarbeidar, fordi han gjennom vinterhalvåret utfører arbeid for tekniske tenester i kommunen.

Presten vår, Per Børge Hillestad, er tilsett av Bjørgvin Bispedøme som har arbeidsgjevaransvaret for han. Stillingsfordelinga er 75% sokneprest for Austrheim og 25% for Fedje.  
Med omsyn til gravferder i Austrheim har desse i 2018 for det meste vore delt i 3, mellom Per Børge Hillestad, Thor Sommerseth og Hans Kenneth Sundsbø – som har vore vikar for Kjell Sekkingstad hausten 2018.  Per Børge Hillestad slutta som prest i Austrheim og Fedje ved utgangen av desember i 2018.  Soknet arrangerte avskilsgudsteneste for han onsdag 12.desember.  Ei fullsett kyrkje hadde ei verdig markering for ein omtykt prest.


Saker/møter i soknerådet:
Soknerådet har hatt 7 soknerådsmøte og handsama 62 saker, fordelt på 32 soknerådsaker og 30 fellesrådsaker.

Soknerådet har mellom anna arbeidd med desse sakene (utdrag av dei viktigaste sakene):

Sokneråd  – saker:

Vedtatt uttale i samband med tilsetjing av ny prost.
Vedtatt gudstenesteplan for 2019.
Førebudd felles gudsteneste på Mastrevik Torg.
Hatt sak om ny gudstenesteordning til vurdering
Hatt val av leiar og nestleiar (årleg).
Oppnemd nominasjonsnemd for nytt sokneråd.
Førebudd avskilsgudsteneste og markering for Per Børge Hillestad.

Fellesråd-saker:
Rekneskap for  2017  -  Endeleg vedtak
Budsjett 2018 - både drifts og investeringsbudsjett.
Tilrådingssak om endring av festeavgiftene.
Laga vedtak om splitting av trusopplærarressursen mellom Austrheim og Fedje, med verknad frå 1.januar 2019
Vedtatt handlingsplan mot overgrep.
Vedtatt bruk av investeringsmidlar for skisseløysing til nytt kyrkjelydsbygg.
Vedtatt lønspolitiske retningslinjer (harmonisert med tilsvarande retningsliner for Austrheim kommune.)
Vedtatt oppstart av arbeidet med verneplan for gravplassane i kommunen.

Kyrkjelydsarbeid
Gudstenester – sangkveldar  - konsertar -  mm:
Det har vore totalt  40 gudstenester i Austrheim sokn – dei er fordelt såleis: 25 gudstenester/høgmesser  på søn. og helgedagar, i tillegg  til 15 andre gudstenester.  
Også i år hadde vi fellesgudsteneste i samarbeid med indremisjonslaga og Leirvåg bedehus.  Denne var lagt til 1.juli og vi var inne på Mastrevik Torg. Om lag 130 var samla til gudstenesta og den vart godt motteken denne gongen som året før.

Biskopen si oppfordring frå visitasen i 2012 tåler godt å bli gjentatt denne gongen også:

          ”Gå til gudsteneste for di eiga skuld, for kyrkjelyden si skuld og for Guds skuld! ”

I gjennomsnitt var det i 2018 101 deltakarar på gudstenestene i Austrheim.  Dette er ein nedgang på 12 personar i forhold til 2017.  Den gjennomsnittlege gudstenestedeltakinga har variert mellom 96 og 116 dei siste 10 åra.  Slik sett er gjennomsnittet for 2018 innanfor den variasjonen ein har opplevd tidlegare.   Likevel er det ikkje positivt med ein slik markert nedgang frå eitt år til eit anna.    

I 2018 har det vore 1 sangkveld og 1 kveldssamling palmesøndag.  Sangkvelden var siste samlinga som denne komiteen har hatt ansvaret for, sidan dei etter over 10 år no har lagt ned tilbodet.  Soknerådet er takksame for den innsatsen og det tilbodet denne gruppa har lagt for dagen.  Vi takkar også Knut Risnes og hans samarbeidspartnarar for det årvisse palmesøndagsprogrammet.

Nattverddeltakarar:
I 2018 var det 14 gudstenester med nattverd.  Her deltok i gjennomsnitt 38 personar i nattverdhandlinga.  I 2017 var det 18 gudstenester med nattverd og i gjennomsnitt 45 deltakarar i nattverdhandlinga.  Deltakinga i 2018 var tilbake på same nivå som i 2016.  

Kyrkja vart utleigd til 6 konsertar:
- Kyrkjekonsert med Steinar Engelbrektson band
- Konsert med Ivar Skippervold og borna som var med i «Kor for 1 dag».
- Konsert med Austrheim Songlag m.fl i samband med songarstemne
- Kveldskonsert med Kristin Minde
- Tiriltunga barnekor – konsert (Leige utan betaling).
- Austrheim songlag – julekonsert.




Skule- barnehagesamarbeid
Austrheim sokn har eit godt samarbeid med barnehagane og skulane – det var både skule- og barnehagegudstenester  før jul. Kyrkjelydspedagogen m. fl. har besøkt  barnehagane til påske og jul,
Utdeling av Bibelen til 5.klasse: Heile klassen får tilbod om å få Bibelen i ei gudsteneste.  For dei som ikkje har vore på denne gudstenesta kan få ein bibel ved å henta den på kyrkjelydskontoret.
Biblane skal nyttast i KRLE faget, og takast vare på til konfirmasjonstida.

Inspirasjonssamling:
Kvart år inviterer soknerådet til ei inspirasjonssamling/medarbeiderfest. I 2018 var denne 7.mars  Avtroppande prost Geir Sørebø var med oss denne kvelden med sitt avskilsforedrag.

Kyrkjevertar:
Kyrkjevertane har som oppgåve å ynskje velkomen til kyrkje, dele ut salmebøker/ark og rettleie Dei er også med på teljing av offer.  Det første møtet med kyrkja i Austrheim er det kyrkjevertane som har ansvar for.  Difor er dette ei viktig teneste og som vert utført av friviljuge.

Klokkartenesta/nattverdsmedhjelparar:  
Den frivillige klokkartenesta er ei uløna teneste, ei kjempeflott dugnadsteneste i Austrheim sokn.
Det er fem klokkarar, tre av dei er også nattverdsmedhjelparar. I tillegg er det to som berre har nattverdsutdeling som si teneste. Lønsmidlane for klokkarstillinga – opprinneleg 15 % er lagt inn i administrasjonsressursen på kyrkjekontoret.

Diakoninemnd:
Diakoninemda har 7 medlemmer med Britt Rebnord som leiar.  Alle ønskjer å halda fram. Nemnda er mellom anna ansvarleg for roseprosjektet og blome til etterlatne til jul. 17 personar er engasjert i dette.  Det er delt ut 120 roser til dei over 80 år og det er delt ut 11 blomar til etterlatne.  Nemnda deler ut blomar til dei som har mista ein ektefelle eller eit barn.
Dei laga  til fest på Nordliheimen 6.mars  og sommarfest for eldre på kyrkjelydshuset 14.juni.  På festane i 2018 medvirka  Randi og Jan Ulveseth i tillegg til Kurt Hatten og Solveig Bakke.   
Diakoninemnda har også representant i nemnda for inkludering av menneske med utviklingshemming i kyrkjelyden og har ansvaret for kyrkjekaffien til to av dei fire fredagsgudstenestene.
Diakoninemnda fungerer godt i forhold til dei oppgåvene dei står i.
    
Nemnd for integrering av menneske med utviklingshemming i kyrkjelyden:
4 fredagskveldar i året er det gudstenester  som er innarbeidd og lagt til rette for menneske med utviklingshemming.  Desse gudstenestene har hatt ein lang tradisjon, og er ein del av dei forordna gudstenestene i Austrheimkyrkja.  Etter gudstenestene er det kyrkjekaffi under galleriet.
Diakoninemnda og nemnda sjølv deler på arbeidet med kyrkjekaffien.  Mellom 30 og 40 personar deltek på desse gudstenestene. Namnet er: «Gudsteneste for alle»

Misjonsprosjekt:
Austrheim sokn har misjonsprosjekt knytt opp til ”Gi evangeliet vidare” i Mali, gjennom NMS.
Frode Brügger Sætre frå Austrheim arbeider i dette prosjektet.
I misjonsavtalen er det avtalt at vi skal skaffe minst kr. 15.000 i året til prosjektet mellom anna ved kyrkjeofringar.
Austrheim misjonsforeining støttar prosjektet gjennom soknerådet.  Det same har Kjerringrokken gjort i 2018. Innsamla totalt til misjonsprosjektet er det komen inn kr 37.556 i 2018.  

Kyrkjeskyss:
Ringeruter, med nokre kontaktpersonar.
Enkeltpersonar nyttar seg av tilbodet.
Tilbodet er annonsert i Kyrkjebakken.

Kirkens Nødhjelp:
Fasteaksjonen er hovudoppgåva. Sokneråd, konfirmantar, foreldre  og andre hjelper til med
”dør til dør” aksjon i fastetida. I 2018 kom det inn kr. 53.529 ein liten nedgang frå i fjor.  Det
vart samla inn kr 48.938 i kontantar til aksjonen. Mellomlegget (før myntgebyr) er då komen
inn på Vipps, som går direkte til Kirkens Nødhjelp og ikkje via soknet.
I tillegg er det mogeleg å betala inn til fasteaksjonen via sms.  Kva som er innkome på denne ordninga, har vi
ikkje oversikt på.
Dei siste 10 åra har summane til fasteaksjonen variert mellom kr 45.474 til kr 62.526.  Vi har KN-
kontakt og nokre faste frivillige.
Det er faste ofringar til KN på julafta og 17. mai.
                                                                                                                                            
50-årskonfirmantar
Det har vore  ein lang tradisjon å invitera 50-årskonfirmantane til gudsteneste og fest.
I 1968 vart 18 jenter og 14 jenter konfirmerte i Austrheim kyrkje.  3 av mennene er døde. 7.oktober møtte 10 av 29 inviterte til gudsteneste og festleg samvær i Kilstraumen.  Dette vart ein fin og minnerik dag.

Kyrkjebakken:
Kyrkjebakken kom ut med 9 nr. i 2018.  
Mykje av stoffet kjem på e-post direkte til redaksjonen for KB.  Per Børge Hillestad har skrive andaktane og «Min salme» er eit anna fast innslag, der forskjellige menneske vert utfordra til å skriva om ein salme som betyr mykje for dei. Redaksjonsarbeidet vert utført på dugnad.  Svein Tomas Villanger og Jorunn Kårdal legg ned mykje arbeid for at bladet vert realisert.  Kyrkjebakken kjem no i fargar kvar gong.  Det har vore ein oppgang i annonsar og bladpengar, noko som gjer at Kyrkjebakken i 2018 har gått med overskot.  Overskotet er sett inn på eigen konto for Kyrkjebakken, som soknet disponerer. Utdelinga vert utført av Schibsted Distribusjon Vest.  Vi har framleis utfordringar med utdelinga, men har heldigvis ein tilfredsstillande dialog med distributøren.

Vaksenarbeid
Vi arrangerte 1 temakveld denne våren.  Om lag 30 personar var møtt opp, til undervisning, mat og prat i kyrkjelydshuset.  Per Børge Hillestad hadde  undervisninga.. 

Trusopplæring
Dette er eit arbeid for born og unge frå 0 – 18 år.  Austrheim og Fedje hadde felles trusopplæringsressurs fram til 1. august.  Frå den datoen hadde Austrheim og Fedje ansvar for trusopplæringsarbeidet kvar for seg (med unntak av konfirmantarbeidet).  Mia Krüger Etokebe var tilsett i 45% stilling fram til 1. august og i 30%  etter denne datoen. Mia Krüger Etokebe har eit midlertidig engasjement som trusopplærar som går ur 31.juli 2019.   

Dåp:
Ved dåpen får alle som er heimhøyrande  i Austrheim ein av fadrane som kontaktfadder (foreldre vel kven dette skal vera). Denne fadderen  får eit særskilt ansvar for barnet. Kontaktfadderen skal også inviterast til samlingar der barnet vert invitert. Foreldra får boka: Arvegull
Dåpslys og dåpsklut får dei med seg  etter gudstenesta.  Nytt i  2018 er at Anny Bertelsen har sydd dåpsfutteral til dåpslyset, som foreldra får med seg. Det var 28 born som vart døypte i Austrheim i 2018.

Barnearbeidet:
Ved 1. årsdagen for dåp får dei eit bilete med Godnattsang på. Det året dei er tre år vert dei invitert til  «Nattagudsteneste» i kyrkja.  Dei får då ei lita bok med bibelforteljingar og klistremerke.
4. åringane får Bornas kyrkjebok, av 23 døypte 4- åringar har 11 fått boka  i 2018.

2. klasse får boka «Tøffe bibeltypar» i  gudstenesta etter påske

I 2018 arrangerte vi igjen døgnleir på Rongevær for born i alderen 7 – 10 år.  Her var «misjon» tema. Leiren er eit
samarbeid med NMS Ung.  29 born var med på leiren i tillegg til leiarane.   Det er planlagt ny døgnleir i 2019.  

5. klasse får Bibel, på Bibeldagen.
6. klasse får tilbod om Lys Vaken og overnatting i kyrkja.

Til samlingane med borna har vi ein del frivillige medhjelparar, deriblant ein del av ungdommane
(fjorårskonfirmantar og eldre)

Den store barnehelga 21.-23.september:
3. åringane vart inviterte til «Nattagudsteneste» med kveldsmat fredagen, dei fekk høyra bibelhistorier.
4. åringane vart inviterte til «bollefest» i kyrkja laurdag, der dei også  fekk høyra  historier frå Bibelen. Laurdag ettermiddag hadde Ivar Skippervold sitt «Kor for 1 dag» program.  Dette vert eit sjølvstendig arrangement i 2019.
Søndag var det stor familiegudsteneste med 3 og 4 åringane med familie som spesielt inviterte.

                                                                        
Ungdomsarbeid:  
Den forma for kontinuerleg ungdomsarbeid ein har, er leiartreninga som tidlegare konfirmantar deltek på.  Mia Krüger Etokebe har hatt dette ansvaret i 2018.  Det er ca 10 slike leiarsamlingar i året og dei er om lag 15 ungdommar (både Austrheim og Fedje ungdommar) som deltek på dette.  Mange av ungdomsleiarane er også med på konfirmantleiren og på fleire av trusopplæringstiltaka. Soknepresten har også i 2018 hatt dramagrupper med nokre av dei tidlegare konfirmantane.  Desse ungdommane er med på konfirmanttimane og deltek på nokre av trusopplæringstiltaka. I september arrangerte soknet kurs i «Gudsrikeleiken», med ungdommane som målgruppe.  Kurshaldar var Wilco Vogelaar, trusopplærar på Radøy.  Gudsrikeleiken er ein spesiell metode å formidla bibelforteljingar på.

Kor:  
Hausten 2018 hadde vi ein laurdag med  «kor for 1 dag» med Ivar Skippervold.  Dette var ein del av barnehelga i september og var så pass vellukka at vi har hyra han inn i 2019 også.   Han samla 16 stk i aldersgruppa 3 – 10 år.  Dagen vart avslutta med konsert i kyrkja.   

Konfirmantundervisning:
”Skatten og perlene” vert nytta som konfirmantopplegg i Austrheim. Det er eit fint opplegg både for konfirmantane og leiarane. Ved bruk av ”Kristuskransen” vert frivillige medarbeidarar dradd inn saman med dei tilsette. Mia Krüger Etokebe har hatt hovudansvaret for konfirmantane. Fleire frivillige og tidlegare konfirmantar er med som hjelpeleiarar.
Det var leir på Raknestunet  20. – 22.april.april 2018.  Ein del av opplegget var å planlegge og øva til samtalegudstenesta. Den gudstenesta vart ei flott avslutning på konfirmantåret. Me oppmodar alle kyrkjegjengarar til å komma denne dagen, ikkje berre konfirmantforeldra.
I 2018 var konfirmasjonen igjen i siste helgja i mai, denne gongen 27.mai.  Det er felles konfirmantundervisning for Austrheim og Fedje. Det var 27 ungdomar som vart konfirmert i Austrheimkyrkja i 2018.  Fedjekullet utgjorde dette året 11 konfirmantar.
Konfirmantane betaler ein eigenandel på kr. 1.300 for leir og andre aktivitetar, restkostnadane tek soknerådet.
 
Fjon fjellkyrkje- og ungdomssenter:
Alle kyrkjelydane i Nordhordland er eigarar av Fjon fjellkyrkje- og ungdomssenter.
Sokneråda i prostiet veljer kvart sitt medlem og varamedlem til rådet. Dei sit i ein 4 års periode
I tillegg har stiftinga eit styre.

Generell  kommentar  - bygg og anlegg
Administrasjon og sokneråd har for 2018 måtta halda ei stram økonomisk line. Men ein må likevel gje rom
for å drive med det ei kyrkje skal ha som hovudmål, og med god hjelp av dei frivillige og dei  tilsette kunne ein
oppretthalda dette arbeidet.

Kyrkja:
Foreininga Kyrkjeprydnad, i tillegg til husmorlaget også i 2018 bidratt med midlar til kyrkja i form av økonomisk støtte til biblar til 5.klassingane, brudebiblar, samt annan støtte til trusopplæringstiltak.   Kyrkja mottok ei anonym gåve på 50.000 kroner til innkjøp av teknisk utstyr til kyrkja.  Vi hadde tidleg i haust ein reperasjon på kyrkjetårnet, grunna ein vindskade.  Vi fekk dekka ca 50% av denne kostnaden på forsikringa.

Kyrkjelydshuset:
Soknerådet disponerer Kyrkjelydshuset, men formell eigar er kommunen.
Soknerådet betalar straumutgifter og løn for reinhald, og har teke på seg indre og mindre  vedlikehald av  huset.  
Soknet har i 2018 investert i eit skisseprosjekt for å realisera planar for eit nytt frittståande kyrkjelydshus i tilknytning til kyrkja.  Vi har engasjerte Saunders arkitekter til prosjektet.


Gravplassane:

Austrheim gravplass
Den fungerer stort sett tilfredsstillande, men den nye delen frå 1996 fylles opp.  Med dagens gravleggingsfrekvens er denne delen av gravplassen full om ca 11 år.  Det er planlagt prosjektering i 2019 for gjenbruk av det som er felt 2 på Austrheim gravplass.  Felt 2 vil ferdig utbygd ha plass til om lag 800 graver, inklusiv eksisterande graver.  Det er ei målsetjing å få sletta så mange graver som mogeleg frå felt 2 på Austrheim gravplass før dette feltet vert anlagt på nytt
Vi har bestemt oss for at felt 3 og 4 (i tillegg til felt 1 på Leirvåg gravplass) ikkje kan gjenbrukast til kistegraver, grunna for mykje innslag av leire i kombinasjon med for dårleg drenering.  
Problema med overflatevatn er blitt betydeleg mindre på dei felta vi har hatt overflatedrenering på (felt 9 og 10).  Grøfteprosjektet held fram i 2019.  

Lervåg gravplass  
Dei fleste gravferder  til Lervåg gravplass går frå bedehuset like ved.  Leirvåg gravplass har no god kapasitet i minst 50 år framover.

Det vart i overgangen 2018/2019 sletta 75 graver på Austrheim og Leirvåg gravplass.  (17 av desse gravene stod på felt 2 på Austrheim gravplass).  Dette er det høgaste talet på slettingar til no.   Indirekte fører dette til at det vert frigjort fleire graver til gjenbruk.  Likevel gjer grunnforholda sitt til at det er uaktuelt med gjenbruk i form av kistegraver, berre til urnegraver.   

Gravplassane på Austrheim og Lervågsleitet er under soknerådet sin administrasjon, dagleg drift er delegert til kyrkjeverja.   Begge gravplassane er godt vedlikehaldne.
Vi er gravferdsforvaltning for alle gravferder i kommunen. Men når det gjeld seremoniane er vi  berre ansvarlege for dei som vert foretta etter  Dnk si ordning.

Soknerådet er eigar  og har ansvar for ein del bygningar. Først og fremst kyrkja. Men også driftsbygg, bårehus
med toalett ved gravplassen på Austrheim.
Toalett, bårerom, reiskapsrom og spiserom ved Lervågsleitet  gravplass, (alle dei romma er kalla «klokketårnet»)
Framleis planar om nytt bygg for maskiner og reiskap ved den nye parkeringsplassen på Lervåg, men vi må først
ha midlar til det.

Det er ein innarbeidd tradisjon vi har i Austrheim er at det står lys på inne og ute i bårerommet  
når der står kiste der.


Årsmelding 2018 Austrheim sokn

Økonomidelen:

I 2018 hadde vi eit mindreforbruk i driftsrekneskapet på  kr. 471.117,76.   Mindreforbruket skuldast i hovudsak at det er knipe inn på vedlikehald og driftsmiddel både på gravplassane og kyrkja.  Det er fleire mindre inntektspostar som har gitt meir inntekt enn berekna, blant anna den tidlegare nemnte enkeltgåva til teknisk utstyr i kyrkja. Gjevartenesta utgjorde i 2018 kr 110.400,-.  Sidan summen i sin heilskap vert sett inn på bunde fond påvirkar ikkje dette resultatet.
Overskot på driftsrekneskapet vert ført til ubunde driftsfond.
I investeringsrekneskapen vart  det eit mindreforbruk på kr 26.166
Overskotet på investering vert overført ubunde investeringsfond.
        

Driftsrekneskap 2014– 2018:

 

Overføring frå kommune

Overføring frå staten

Meirforbruk / mindreforbruk

2014

3.200.000 i drift

   100.000 i invest.

0

   61.318       Mindre forbruk på driftsrekneskapet

   66.283       Mindreforbruk på investeringsrekneskapet

2015

3.350.000 i drift

   300.000 i invest.

 

24.485  til gjennomføring av val

 352.241       Mindreforbruk på driftsrekneskapet

 280.341       Meirforbruk på investeringsrekneskapet

2016

3.480.000 i drift

   300.000 i invest.

0

 263.222,85  Mindreforbruk på driftsrekneskapet

 103.525,-     Mindreforbruk på investeringsrekneskapet

2017

3.560.000 i drift

   650.000 i invest

111.328 (til trusopplæring og ovf-tilskot)

   26.010,-     Meirforbruk på driftsrekneskapet

 107.075,-     Meirforbruk på investeringsrekneskapet

2018

3670.000 i drift

  400.000 i invest

252.282 (trusoppl A og Fe, rentekomp og forsikring)

471.117,76    Mindreforbruk på driftsrekneskapen

  26.111,-       Mindreforbruk på investeringsrekneskapen

Lån                                                                                         

Soknerådet har desse låna:

Lån til kyrkjevindauge kr. 1.000.000. Lån til utviding av gravplass kr. 5.000.000

Dei respektive låna er pr 31.12.2018 komen ned i 275.257 og 3.864.743 kr

 

Løn

I 2018 gjekk det kr 2.650.797 til løn og sosiale utgifter mot kr 2.784.797 i 2017.

 

Gåver – offer – innsamlingar – gjevarteneste

Gåver frå Kyrkjeprydnad og Husmorlaget, samt anonym gåve er omtalt tidlegare.

 

Gjevartenesta:

I 2016 snakka vi om å få eit fornya fokus på gjevartenesta.  Ved utgangen av 2018 har vi komen opp i 14 faste gjevarar og 1 som har gitt sporadisk.  Samla inntekt på gjevartenesta var i 2018 kr 110.400.  Vi har no konkrete planar om å tilsetja ein person i ei studentstilling med ein oppstartsprosent på 30% med verknad frå 1.august 2019.  Vedkommande har begynt på teologistudiet.  Gjevartenestefondet var 31.12.2018 på kr 308.864,43.

Offer - 2014-2018

 

Offer til andre

Offer til

Kyrkjelydsarbeidet  

 

Fasteaksjonen

(eiga innsamling)

Gjevarteneste

2014

87.749

21.322

 

51.961

5.400

2015

105.601

25.393

 

54.829

10.700

2016

83.963

33.163

 

57.489

41.600

2017

116.840 (fasteaksjon for seg sjølv)

51.161

 

56.890 (inkl vipps)

82.350

2018

100.303

29.679

 

53529 (inkl vipps)

110.400

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"