At ein bøsseberar bankar på døra er eit sikkert teikn på at det snart er påske. Den årlege Fasteaksjonen vert i år arrangert for 51. gang, og går som vanleg til Kirkens Nødhjelps arbeid i over 25 land rundt om i verda. Sentralt står arbeid med vatn, hygiene, toalett og traumebehandling.
– «Ja, vi elskar dette vatnet» er temaet for årets aksjon, og det er ikkje utan grunn at me prioriterer vatn i arbeidet vårt. Skule og helse er viktig, men utan reint vatn vert elevane sjuke og helsetilbodet overbelasta av menneske med vassrelaterte sjukdommar. Derfor held me fram med å gje folk reint vatn, seier generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, Anne-Marie Helland.
Våkna til lyden av skot
Pengane som kjem inn frå Fasteaksjonen gjev Kirkens Nødhjelp moglegheita til å reagere raskt i kriser, og er dermed med på å redde liv. I år har organisasjonen brukt pengar frå Fasteaksjonen til å hjelpe folk som mellom anna er på flukt frå Boko Haram og eit kriseråka Kongo.
– Me våkna til lyden av skot, og la ut på flukt. Me måtte etterlate alt me hadde. Me var på flukt i fleire dagar, og måtte gå langt utan verken mat eller drikke, fortel 14 år gamle Kany.
Ho er ei av 4,8 millionar kongolesarar som er på flukt i dag. Livet er snudd på hovudet i løpet av kort tid for Kany, og det er når krisene i livet oppstår det er naudsynt med ekstra hjelp.
Jobbar over heile verda
Slik er det for dei fleste flyktningar, som forlét det meste dei har når dei legg ut på flukt. I tillegg til kongolesiske flyktningar jobbar også Kirkens Nødhjelp blant flyktningar frå Syria, Myanmar, Sør-Sudan og fleire andre land. I tillegg driv organisasjonen langsiktig utviklingsarbeid i ei rekkje land rundt om i verda.
– Kvart år får me moglegheita til å gjere noko for andre som bur langt unna oss, og som manglar noko av det mest grunnleggjande, slik som vatn og ein stad å gå på do. Me meiner dette også angår oss her lokalt, og difor deltek me i årets Fasteaksjon.
Det vert mogleg å støtte opp om aksjonen ved å gje i bøsser, men også ved å sende eit valfritt beløp via Vipps til 2426, eller ved å sende SMS med kodeordet GÅVE til 2426 (200 kr).