Den som ventar på noko godt....
Denne gongen kjem Kyrkjebakken ut nokre dagar seinare enn vanleg. Planen er å gje ut det ordinære nummeret av Kyrkjebakken samstundes med jubileumsboka «Kyrkjebakken 50 år». Grunna eit par uforutsette hendingar med trykkinga av jubileumsboka er denne noko forseinka. Dette vert ei veldig flott jubileumsbok som de kan gleda dykk til å få i handa. Den vil bli delt ut gratis til alle husstandane i kommunen. Så i første del av neste veke kan de kikka i postkassane dykkar. Då kjem både det ordinære nummeret og jubileumsboka. Venleg helsing oss på kyrkjekontoret.