Me starta laurdag i kyrkja. Hadde vandring i kyrkja, songøving, dramaøving og sosialt fellesskap. Anne D. Austrheim og Inger Synnevåg laga til eit deilig mellommåltid for oss. Etter ei stund var det bort til kyrkjelydshuset. Der var Anita Bakke, Anny Bertelsen og Gunn H. Dyrkolbotn og laga lykter med Lys Vaken gjengen. Der vart det og brettspel og leik. Etter eit deilig tacomåltid som var laga til av Elisabeth J. Risnes, Monika Thorpe og Elin Karlsen var det på tide med ei lita filmstund. Så var det tilbake til kyrkja. Der vart det fortellingar, songar og til slutt leggetid. Det tok sjølvsagt ei stund før alle sovna, men det vart stilt til slutt. Søndagen var Gunn og Anny og laga til frukost til gjengen. Den var veldig god. Så var det pakking, rydding og øving til gudstenesta. Det vart ei veldig fin gudsteneste der gjengen deltok med tekstlesingar, dramastykke, song og som de ser på bilete, velsigninga til slutt. Takk for ei kjekk stund i lag, og takk til alle frivillige som deltok og til staben.
Ei kjekk helg med Lys Vaken
10-11.februar hadde me Lys Vaken med 6.klassingar i Austrheimkyrkja. Det var ei veldig kjekk helg med mange gode aktivitetar. Me vart betre kjent i kyrkja, med kvarandre og med Jesus.