Organisering

Det er heilt grunnleggjande å involvere tilsette og frivillige medarbeidarar, og det er utfordrande i ein organisasjon der vi til saman er mange medarbeidarar. Det er gjennom dialog og nært samarbeid vi kan utvikle ein ny og framtidsretta organisasjon fram mot år 2020.

Os sokneråd og Fusa sokneråd
Os sokneråd og Fusa sokneråd hadde fellesmøte i Os den 5. oktober 2017. Sokneråda gjorde kvar for seg vedtak om mandat til kyrkjeleg fellesnemnd i samband med samanslåingsprosessen. Viser til pdf-dokumentet under som viser mandatet som sokneråda gav fellesnemnda.

Partssamansatt utval (PSU)
Dei tilsette har oppnemnd sine representantar i utvalet. Monica Refsdahl frå Os sokn og Iman de Zwarte frå Fusa sokn. Elles utgjer fellesnemnda dei øvrige medlemmene i PSU. Dei aller fleste sakene vil bli handsama i PSU for tilråding i forkant av at fellesnemnda handsamar sakene og gjer endeleg vedtak. Viser til pdf-dokumentet under for PSU sitt reglement.

Frivillige medarbeidarar
Dei frivillige medarbeidarane er ein svært viktig ressurs både i Os og i Fusa, og vil bli det også etter omlegginga frå 2020. Involvering her skjer gjennom informasjon og kontakt med desse på ulike arenaer lokalt; t.d. årsmøte, soknemøte og møte med ulike målgrupper lokalt. Også denne nettsida vonar vi vil bli informativ. Innspel og spørsmål kan rettast både til soknerådet, fellesnemnda sine representantar og dei tilsette.

Kyrkjeleg fellesnemnd
Kyrkjeleg fellesnemnd er det overordna styringsorganet under prosessen. Viser til pdf-dokumentet under for kven som sit i fellesnemnda.

Administrativ organisering
Alle tilsette vil bli involverte i prosessen. Prosjektleiar er kyrkjeverje i Fusa, Harald Geir Sæther. Administrativ leiing vil skje i nært samarbeid med kyrkjeverje i Os, Gerhard Hansen.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd

Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
Besøksadresse: Øyro 49, 5200 Os
Postadresse: Postboks 209, 5202 Os

Telefon: 56 57 24 00
E-post: post.bjornafjorden@kyrkja.no

Åpningstider: 09.00-14.00

Fakturaadresse:

Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
Postboks 209
5202 Os

E-post: mb.23177@xledger.net
Org. nr.: 9226200768

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"