Gravferd i Bremanger

Kyrkjekontoret i hovuddsak ved kyrkjeverje, legg til rette for at gravferd kan gjennomførast på ein verdig måte. Mange vel å engasjere eit gravferdsbyrå for å organisere gravferda, dei hjelper då til med planlegging og gjennomføring av gravferda. Dei gjer då og dei nødvendige avtalar med kyrkjekontoret. Det er og fullt muleg å gjere det meste av planlegging og gjennomføring av gravferda sjølv.

Tidspunkt for gravferda
Gravlegging skal skje seinast 10 verkedagar etter dødsfallet dersom avdøde ikkje vert kremert. Tidspunkt for gravferd vert fastsett av kyrkjeverja etter avtale med den som syter for gravferda eller med gravferdsbyrå.

Ved kremasjon er fristen for nedsetting av urne, evt speiing av aske, 6 månader. 

Rett til å syte for gravferda
Det er dei næraste etterlatne til avdøde som har rett til å syte for gravferd. Gravferdslova fastset retten til å syte for gravferd i slik rekkjefølgje; ektefelle, barn, foreldre, besteforeldre, søsken, søsken sine barn og foreldre sine søsken. Dersom det før dødsfallet er sett fram skriftleg erklæring om kven som har denne retten, skal denne ha fortrinnsrett.

Grav
Alle innbyggjarar i Bremanger kommune har rett til fri gravlegging og fri grav. Ein kan velje fritt kva kyrkjegard i kommunen ein ønskjer gravlegginga. Ved gravlegging, er det og høve til å reservere grav attmed, t.d. til attlevande ektefelle. Den reserverte grava vert då ei betalingsgrav. Kyrkjeverja tilviser grav. Ein har høve til gjenbruk av eksisterande grav under vilkår av at grava ikkje er freda, og at festar samtykkjer i at grava kan opnast for gjenbruk. Askeurne kan setjast ned i freda grav.

Utanbygds gravlegging
Personar som ikkje var busett i kommunen kan og gravleggast her, men det vert då kravd avgift for gravfeste, kiste- eller urneavgift, samt seremoniavgift dersom ein skal ha kyrkjeleg seremoni i samband med gravlegginga.

Avgifter pr. 2019:
Seremoniavgift (leige av kyrkja) kr 3.200,00
Kistegrav avgift kr 4.500,00
Urneavgift kr 1.000,00 for brukt grav, kr. 2.000,00 for ny grav
Festeavgift pr. år pr. grav kr 200,00 (vert kravd inn for 10 år i gongen)

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"