Søndagstanker 28.juni

4. søndag i treeiningstida 2020

Lektie: 1. Mos. 25,27-34

Evangelietekst: Mark 10,17-27

Preiketekst:  1. Kor 9,24-27 1.Kor 9,24-27: «24 Veit de ikkje at dei som spring på stadion, dei er alle med i løpet, men berre éin får sigersprisen? Spring då slik at de vinn prisen! 25 Alle som er med i kampleikane, må nekta seg alt. Dei gjer det for å vinna ein forgjengeleg krans, men vi for å vinna ein uforgjengeleg. 26 Så spring eg ikkje utan mål; eg er ikkje som ein nevekjempar som slår i lause lufta. 27 Nei, eg er hard med kroppen min og tvingar han til å lystra, så ikkje eg, som har forkynt for andre, sjølv skal koma til kort.»

Tekstane på 4. søndag i treeiningstida handlar om å vinne det evige liv. Det gir ofte ei betre forståing av dagens tema om vi les alle tekstane for dagen. Det er alvorsame tekstar. Den første om Esau som selde førstefødselsretten sin for eit måltid mat og miste arveretten. Den andre om mannen som hadde levd eit prikkfritt liv, men som var meir glad i rikdomen sin enn å følgje Jesus. Og denne søndagen er preiketeksten henta frå Paulus sitt brev til korintarane der han minner kyrkjelydane om at dei ikkje berre må delta i løpet mot det evige livet, men dei må vinne det. 

At dette er alvor og at det ikkje berre gjeld alle andre forstår vi av at apostelen Paulus skriv at han sjølv må minne seg på kor viktig dette er og tvinge seg til å halde livskursen sin ved lag mot målet, «så ikkje eg, som har forkynt for andre, sjølv skal koma til kort.» Og grunnen er ikkje at det er så vanskeleg eller bare for eliten, men at det er fort gjort å miste fokuset om å følge Jesus. Sette han først. Søke først Guds rike og hans rettferd, og så skal vi få alt det andre attåt – som det står i Bergpreika. Vi vil så gjerne snu det om og gjere alt anna først, og så skal vi sjå kva som blir att til vårt kristne liv. 

I dag brukar apostelen Paulus eit bilde som vi forstår. Alle veit at Karsten Warholm ikkje berre stiller opp for moro skuld og luntar seg av garde når han spring på stadion. Han tar ut alt han har av krefter for å vinne. Han er målretta og fokusert. Og slik er det vi må tenke om det kristne livet. Jesus først. Guds rike først, - og så alt det andre i tillegg. 

Vi kallar første halvåret av kyrkjeåret for festtid. Det er då høgtidene er. Då vert grunnlaget for den kristne trua lagt. Det andre halvåret har grøn som liturgisk farge. Den skal symbolisere at trua og det kristne livet skal vekse og modnast til hausten. Gi frukter og nærme seg målet som er det evige livet og himmelen. Vi kan alle bli ein vinnar til slutt om vi følgjer Jesus! Konkret betyr det aktivt å bruke nådemidlene. Høyre/lese/bruke Guds ord, dåpen og nattverden der trua blir gitt oss og styrka dag for dag. 

Gunnar Torset

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"