Søndagstanker 16.aug

Søndagstanker

Preike 16. august 2020

Sikkert vern, opne armar

Møtte verda

På grannegarden ruga dei ut kyllingar. Den dagen som var fastsett og forventa, brukte smårollingane nebbet for fyrste gong. For å komme seg ut og møte verda. Orientere seg, finne sin plass, realisere seg sjølv. Om dei alt hadde tankar om storverk som ville verte hugsa etter sin død, ligg langt til sides for min fantasi.

I fyrste fase var det ikkje råd å sjå forskjell. Kyllingane gjekk i eit, like elendige alle i hop. Dei klumpa seg forkomne under eit lyspære, så skrøpelege at dei kunne sige i kne og ut-ande ka tid som helst. Etterkvart kom ein anelse friskare raufarge på kammen til nokre. Hanenaturen kom til syne, i småkarar som hevda sin overlegne rett i fremste linje. Småjentene, smette seg fram og lurte til seg det meste med smarte grep. Dei var slett ikkje tenkt å krepere av svolt og mangel på varme.

 

Kampen

På besøk eit par dagar seinare stod kampen om å komme til orde, kvar med si stemme.

Heile tida som eit aulande stål, for å komme til. Få hete seg, få drikke, komme bort og hakke i seg små frø. Ingen tok fred. Kampen for å overleve utfalda seg med deira små krefter, og usløkkjande energi. Pipa auka i styrke dag for dag. Og viljen til kamp for beste posisjon, for å hakke til seg sin del, og vel so det, har klare menneskjelege trekk. Slik sett budde dei seg med kne og albogar og vengestubbar for å trasse motstand og rivaler.

Småhanane voks kanskje ein tanke raskare, og styrka sin posisjon og makt bak alle krav.

 

Verda vert stor

Ein morgon møtte dei ei ny verd. Luka vart opna. Forventningsfulle, spraglete nyste storma ut mot livet. Mot det vaksne livet. Der bryske matroner, og ein stor høgrøysta hane såg med avvisande vantru og forakt på sine nye landsmenn. Som krov sin plass og del i verdens goder, det vil seie hønsegarden. Eit tett gjerde skilde og  hindra ein luskande rev å helse på dei fjørkledde.

Dei vaksne og konfirmerte steig omkring med kontroll på alt. Eggleggjande høner nedlet seg ikkje til forvel å ense eller snakke til dei små. Det vil seie , straks noko etande fans, kom der fart i hønsegarden. Dei vaksne hadde skaffa seg ein hevdvunnen rett til å hakka fyrst og ta godbetane. Ein kultur dei nyankomne slett ikkje fann like innlysande rett.

På eit vis vart dei små stimulerte til meir liv og kamp . Dei spraglete sprang i kryss mellom ylme augnekast og nebbar som hogg rasande. Viljen til å dele fans ikkje. Dei nye levde i rasehat. Utrygge og utsette for angrep så vel som overgrep heile tida. Det var imidlertid overaskande kor kløktig og smart desse handterte trusselbildet. Dei stakk seg vekk.

 

Solid vern

Litt seinare kom eg igjen innom hønsegarden. Der fans ingen kyllingar. Ikkje ein. Men, det peip, ein eller annan stad. Då såg eg det. Små nebb og haud stakk fram i fjørhamen på to kvitspraglete høner. Dei to mest praktfulle i kvinneklubben. Under kroppen og inn mellom vengane gav desse to plass for forskremde og utrygge små. Ingen kom og hakka på dei deismå krapyla.  Innimellom stakk ein eller fleire fram og tok ein matbete, og kom seg i dekning. Det var heilt klårt at dei tohønemødrene hadde funne sitt livskall, sovel som meininga med livet. Ikkje eingong hanen prøvde seg på å gjere livet surt for desse småkarane, som om eit par månader ville vere spreke nok for ein revirkamp.

Forholdet høne og kylling var prega av absolutt omsorg og vern, tillit til og tryggleik hos eit individ som ville vel, og redetil kamp mot ein angripar. Det verka også for at dei to kvite hønene treivst med å ha det slik. Vere tilflukt og vakt for den svake part.

Preiketekst 16. August: Matt 23,37-39

37 Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje.38 Så høyr: Huset dykkar skal bli audt og forlate!39 For eg seier dykk: De får aldri sjå meg att før de seier:
          ‘ Velsigna er han som kjem i Herrens namn!’»

 

 

 

1. leseteksten står hos Jesaia 64.

Eg hadde svar til dei som ikkje spurde,
 eg var å finna for dei som ikkje søkte meg.
 Eg sa: «Her er eg! Her er eg
 til eit folkeslag som ikkje kalla på mitt namn.
          
  Heile dagen rekte eg hendene ut
  til eit trassig folk
  som gjekk fram etter eigne tankar
  vegar som ikkje var gode.

 

Alle innbedne

Beggje tekstavsnitta er skrivne retta mot Jødefolket, i Den Gamle Pakt. Ved Jesu liding, død, oppstode og Himmelfart vart ei Ny Pakt, ein ny avtale etablert. Den inkluderer folkehavet på jorda, i absolutt forstand. Ingen kan med rett hevde å stå utanfor Guds interesse.

Begge tekstane lærer oss også om Den allmektige skaparen si holdning til menneskja på jorda.

Profeten Jesaia fortel om Gud som strekkjer ut hendene mot sin fremste skapning, for kontakt. Men, vart avvist.

Evangelieteksten refererer Jesu erfaring, hans eigne ord: - Eg ville samle dykk, men de ville ikkje.

 

Gods ord fortel fleire plasser om Guds aktive omsorg for menneskja:

- I dag om du høyrer Herrens røyst, så forherd ikkje hjertet ditt!
- Sjå eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingjen kan stengja!
- Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eggå inn og halde nattverd med han og han med meg.
- Eg er kommen for å gje liv, ja, overflod av liv!

 

Tekstane lærer meg: Dersom eg ikkje ynskjer Guds liv inn i mitt liv, vil eg heller aldri få del i hans liv. Det er mitt valg, ikkje Guds.

Det er det store og alvorlege ansvar ved å vere skapt som menneskje på jorda.

Bøn:: - Herre, gjev meg djupare innsikt i kva det vil seie leve dette livet her, og inn i æva, saman med Jesus.

Takk at døra inn til ditt rike står open i dag. Takk for at hos deg er tilgjeving for syndene i dag, når eg bed deg om det. Takk for at du er nådig mot alle som opnarhjertet for den du sende til soning for syndene mine, Jesus Kristus. Amen

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"