Søndagstanker 20.sept

Søndagstanker

Haust-takkefest-tankar:    20.09.2020.

Lesetekstar:                         5.Mosebik 26,1-11 og 1.Tessalonikerbrev 5,15-24

Preiketekst:                          Lukas evangelium 12,13-21:

13 Ein i folkehopen sa til han: «Meister, sei til bror min at han skal skifta arven med meg!» 14 Men Jesus svara: «Ven, kven har sett meg til å dømma eller skifta mellom dykk?» 15 Så sa han til dei alle: «Ta dykk i vare for lysta til alltid å eiga meir! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje». Og han fortalde dei ei likning:
        «Det var ein rik mann. Jorda hans hadde bore god grøde, 17 og han tenkte med seg: ‘Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom til grøda mi. 18 Jau, slik vil eg gjera: Eg vil riva ned uthusa mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt eg elles eig. 19 Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande, nok for mange år. Unn deg ro, mi sjel, et, drikk og ver glad!’ 20 Men Gud sa til han: ‘Uvituge menneske! I denne natt blir sjela di kravd tilbake. Kven skal då ha det du har samla?’
    21 Slik går det med den som samlar skattar til seg sjølv og ikkje er rik i Gud.»

 

Hausttakkefest vil hjelpe oss med å hugse på at Gud er skaparen, gjevaren  og oppretthaldaren av alt som lever og er til.

På hausttakkefest går barn inn i kyrkja med korger med epler, poteter og grønsaker,  og vi syng: «Kven har skapt alle blomane» ;  og  gjev Gud takk og ære. 

I gamle Israel høyrer vi Guds bod om at folket hans skulle kome til tempelet med førstegrøde. (5.Mosebok 26).  Ordet førstegrøde betyr den første avlinga på marka og  dei førstefødte av dyra i fjøset

som  skulle gjevast/vigslast til Gud. Gud skal ha det første og det beste.

Dersom vi kjem til Gud med det beste vi har,  då vil Gud velsigne.

 

Vi er slik av natur etter syndefallet at vi set Gud til sides,  når gode dagar kjem. Då stoler vi  på oss sjølv og gleder oss med det vi har.

I likninga om den rike bonden fortel Jesus oss om kor ille det går dersom vi ikkje har bruk for Gud.

Bonden kjende seg trygg og glad. Framtida hans var lovande. Han såg ikkje noko som kunne hindra lukka hans.

Han visste at han hadde ei god livsforsikring.

Vi stoler på løna, forsikringa og staten. Vi veit kor vi finn vår tryggleik.

Kva var det bonden skulle ha gjort annaleis? Kva må vi gjere annaleis?

 

Høyrer vi etter på kollektbøna i gudstenesta?

«Evige Gud, di er jorda og alt det som fyller ho.  Alt vi eig tilhøyrer deg.

Av ditt eige gjev vi deg attende. ….. Amen».

 

Ein kristen har sin tryggleik i Gud. Gud ynskjer å vise oss at vi kan  stole på han.

Gud kan sette oss fri frå tilliten til alt vi har.

Jesus seier: Følg meg.  Og når vi fylgjer han knytter han oss til seg og løyser oss frå andre bindingar.

Gud er min far og tek omsorg.

 

1.Tessalonikerbrev 5:

…difor må de setja mot i kvarandre og oppbyggja kvarandre, som de òg gjer. Ver alltid glade! Be uavlateleg!

Takk Gud, kva som enn møter dykk! For dette er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus. Sløkk ikkje ut Anden!
Forakt ikkje profetord, men prøv alt og hald fast på det gode! Hald dykk ifrå vondskap av alle slag!
Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og kropp må haldast uskadde,

så de kan vera ulastelege når vår Herre Jesus Kristus kjem!  Trufast er han som kallar dykk til dette. Han skal òg fullføra det.

 

Stein Oltedal. Vikarprest i Indre Bremanger.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"