Søndagstanker 18.oktober 20

Søndagstanker

Søndagstankar for 18.10.2020.—20.søndag i tre-einings-tida.

Johannes evangelium 11,1-5.
«Ein mann som heitte Lasarus, låg sjuk. Han var frå Betania, den byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i. 2 Det var Maria som hadde salva Herren med olje og tørka føtene hans med håret sitt. Lasarus, som låg sjuk, var bror hennar. 3 Systrene sende då bod til Jesus og sa: «Herre, han som du er så glad i, er sjuk.» 4 Då Jesus høyrde det, sa han: «Denne sjukdomen fører ikkje til døden. Nei, han er til Guds ære; han skal herleggjera Guds Son.» 5 Jesus var svært glad i Marta og syster hennar og Lasarus.»

Tekstane er om venskap. Venskap å ha god kontakt med nokon. Å vite at ein bryr seg om kvarandre.
Mange er åleine. Det kan vere som ganske liten når ein vil ut og leike med nokon, og ingen andre er der; eller i klassen på skulen når nokon opplever seg så åleine , eller på jobben når ein blir utfrosen av kollegafellesskapet, eller når ein sit åleine heime i eit respektablet naboskap, eller når ein vert gamal og gode venner blir plukka vekk ,ein for ein, utan at ein får nye venner.
Å vere einsom er ein stor og veksande folkesjukedom . Ingen andre skal vite om det eller snakke om det. Bare den det gjeld, skal kjenne på smerten. Alle er vi opplært til at vi vil ikkje skal vere til bry. Det gjev tapt status at andre må hjelpe oss.
I Coronatider set samfunnet opp reglar som skaper einsemd og avstand. Ein skal ikkje helse i handa eller vise fysisk omsorg. Reglar blir innskjerpa, og dei gleld for veker og månader og kanskje år.
Korleis blir framtida? Ein stoppar kanskje viruset, men kanskje blir livet for nokon som vi er glade i ikkje er til å halde ut? Kva betyr det då å få nokre ekstra levedagar?

Leseteksten frå 1.Samuelsbok 18,1-4 gjev oss innsyn i eit hjartevenskap mellom David og Jonatan, son til kong Saul. David var lite eller ingenting å rekna opp mot kongefamilien. Men dagen då to møttest fekk dei kvarandre så kjær som sine eigne liv. Jonatan gjorde ei pakt med David fordi han hadde fått han så kjær som sitt eige liv. Det blei vensakp like til dødsdag. Eit venskap som heldt både i gode dagar men og i fare, svik og død.

I leseteksten frå Hebrearbrevet 13,1-3 høyrer vi om å vere gjestfrie:
«Hald syskenkjærleiken levande! 2 Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det. 3 Kom i hug dei som sit i fengsel, som om de sat i lenkjer saman med dei. Og tenk på dei som blir mishandla, som om det gjaldt dykkar eigen kropp.»

Eg veit knapt noko som gjev meg større glede, eller som kan la meg ramle ned i mørkaste avgrunn så lett som ein venn kan få meg til.
At eg aldri forstår kor sårbart livet er! Og kor lite som skal til frå meg for å forandre kvardagen til nokon eg kjenner!
Kvifor der det slik?
Eg trur Gud laga oss slik. Vi er skapte i Guds bilde, vi liknar han.

Den største gruppa av salmer i bibelen, er klagesalmer.
Salmene er den einaste boka i GT som lærer oss å seie far til Gud, og som gjev oss ord til å leve i, når vi er svake og alt er mørkt.

Eg trur Gud skapte oss små og avhengige av kvarandre.
Gud fortel meg at han elskar meg inn til fellesskap med den allmektige.

Stein Oltedal. Vikarprest i Indre Bremanger.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"