Søndagstanke 10.mai

Søndagstanke  5.søndag i påsketida

5. søndag i påsketida 10. mai 2020

Lesetekstar: Hos 14,5-9 og Rom 11,13-20

Preiketekst Joh 15,1-8

Det sanne vintre «Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg. 5 Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. 6 Den som ikkje blir verande i meg, blir kasta ut som ei grein og visnar. Greinene blir samla saman og kasta på elden, og dei brenn. 7 Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det. 8 For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar.»

Det er våronn. Mange av oss har vore ute og klipt roser og frukttrær. Det gjer vi for at sjølve busken eller treet skal bli friskt og bere mykje blomar eller frukt. Det skal ikkje stor hagekunnskap til å forstå at det er dei levande greinene på treet som er viktig å stelle og ta vare på. Det som er visna blir til og med teke bort.

Jesus brukar eit bilde som vi umiddelbart forstår i teksten vår i dag. Vi forstår at det er bare når greina står på treet den kan bere frukt. Og her er det trua sine frukter Jesus har i tankane. Trua som fører til liv og avlar meir liv og er formidlarar av Guds nåde, tilgjeving og kjærleik.

«Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt,» seier Jesus. Er det ikkje flott å høyre til det treet som Jesus steller og gjer klar til å bere frukt? Men då må vi vere i den hagen der Jesus er, slik at han får stelle med oss. Og Jesus er der ordet i Bibelen blir lest og sakramenta blir tatt imot i tru eller der to eller tre er samla i hans namn. Eller slik som no når vi må leite oss fram på sosiale medier.

Det er for å halde trua (greina) levande det er viktig å lese og høyre Guds ord. Det er difor det gir meining å samlast som kyrkjelyd og Guds folk. Vi samlast for at ordet frå Gud skal få strøyme gjennom oss og vi skal bere mykje frukt!

Men utan Jesus blir vi som greinene som blir klipt av, kasta ut og visnar. Så viktig er det å bli verande ilag med Jesus. Og det er knytt store lovnader til å leve i bøn og lydnad imot Guds ord og vilje.

Gunnar Torset, fung sokneprest i Ytre Bremanger

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"