Søndagstanker 13.sept 2020

Søndagstanker 13.09

Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må verte rikare og rikare på dømmekraft og skjøn, så de i dei ymse spørsmål kan døma om kva som er rett. Då kan de stå reine og lytelause på Kristi dag, fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, Gud til lov og ære.

Filipperbrevet 1. 9-11

 

Dømmekraft og skjøn

til å avgjere kva som er rett, er kjernepunktet i denne teksten.

Ordet rett har sin motsats i gale. Dei har fyrst meinig når ordparet opptrer med sin kontrast. Noko er rett, det motsette er gale.

Gud er ein moralsk Gud. Han skil mellom rett og gale, mellom sanning og løgn, mellom og godt og vondt. Uten desse ordpara som dannar motsetning, ville Bodskapen formidla i Bibelen, vore både uråd og meiningslaus. Menneskja lever sine liv i dette spennet, der tid er fylt med store og små val. Val motivert av det mennesket vil skal gjelde. – Vil eg at sanning skal gjelde? Eller vel eg løgna. Det gode eller det vonde? Det rette eller det galne?

 

Summen av alle val vert fasiten på livet!

Paulus legg til grunn at evna til å treffe rette val må vekse fram. Mennesket har eit naturleg utganspunkt til å treffe egoistiske val, uavhengighet til skaparens hensikt, den er kalla verdens ånd.

Evna til å dømme, finne det sanne og rette, gjennom våre dagar må oppøvast. Livet går med til å la Kristi ånd vekse til sterkare innflytelse i menneskehjertet. – Ta vare på hjertet framfor alt som du vakter. For livet går ut frå det. Det er den klare oppfordring i Guds ord.

 

Kjærleiksmotivert

Hovedpoenget er at Kristi ånd vil forandre menneskehjertet. Slik at livet som går ut frå

hjertet i tankar, ord og handling, så vel som holdninger, er kjærleiksmotivert.

Dette skaper eit liv, prega av det rette, det sanne og det gode. Prega av Kristi ånd. Eit liv i kontrast med verdens ånd. Det gjev eit liv i stadig kamp mot den ånd som søkjer sitt eige. Ein livsstil som krev sin pris. Ved dei mange val, dei mange vegkryss. Og, ingen går fri.

Livsferda går i eit landskap som er vanskeleg å orientere seg i. Vår store mulighet er å be Jesus om hjelp. – Du gjev meg råd med ditt auge. Han ser individet, og hjelper den som bed om det. Til eit liv, Gud til lov og ære.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"