Søndagstanker

Andakt for søndag 26/4-20

Søndags-teksten:

Vår tid har mykje angst og uro i seg for mange menneske.

Bibel-tekstane for 3.søndag i påsketida fortel om Guds omsorg og tankar. Les også dei andre to andre tekstane for søndagen: Esekiel 34,11-16 og 1.Peters brev 2,20-25. Dei gjev hjelp til å forstå kva det er å kjenna den gode hyrde.

Eg tek meg ofte tid til å lese vers, både før og etter ein Bibel-tekst, eg får hjelp til å forstå. Prøv det du og , - og nøy deg ikkje med einskilde mannakorn!

 

Evangelieteksten les vi i Johannes evangelium kapittel 10,11-18:

Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene. Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene. Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar. Far elskar meg fordi eg set livet til så eg kan ta det tilbake. Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbake. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»

 

Vi har bilete av Jesus som den gode og trygge hyrden,- men vår tekst fortel om kamp på liv og død. Eg ser føre meg sauer som går trygt og beiter, og ulven som snik seg innpå, eit kjøt-måltid ventar. Vi blir likna med uskyldige sauer, ulven er eit dødeleg rovdyr.

Mitt liv er fredeleg og allminneleg. Og slik ynskjer vi alle at det skal bli att, i desse uvanlege Coronatider. Sjølv om vi rosemalar kvardagar, veit vi at dei kan vere tøffe. Bak flotte fasadar og rett under overflata skjuler det seg svære krefter, krefter som sjokkerer meg når dei viser seg.

Sauene fylgde hyrden. Hyrden førte sauene kor han visste at det var godt beite, friskt vatn å drikke eller ein trygg og sikker kvilestad. Hyrden var på vakt, han slo til før ulven angreip. I lag med hyrden var sauene trygge. Jesus kjende kvar sau på namn, Alle sauene kjende hyrden. Når ulven angrip og drep, jagar han sauene frå kvarandre. Den gode hyrden flyktar ikkje, han sviktar ikkje sauene sine så lenge jorda står. Han gjev livet sitt for sauene.

Bibelen er full av historiar om rettferdige menneske som var i kamp. 11 av 12 læresveinar yil Jesus mista livet sitt i forfylgjing, veit tradisjonen å fortelje oss.

Jesus har andre sauer, høyrer vi i teksten. Jødane er Guds kjære folk til evig tid, sjølv om mange av dei no for ei tid, ikkje tilhøyrer hans frelste flokk. Vi er bare framande som har fått lov også å tilhøyre Guds flokk.

Som kristne er vi kalla til å fylgje Jesus, også i ulvetider.

Mange kristne opplever striden så tøff, at dei knapt veit å halde ut. Dei ser fram til dagen når Jesus kjem att med siger.

Kvar dag gleder eg meg over å få kjenna og få leva i lag med Den treeinige Gud.

Vi byggjer venskap, kjærleik og tillit.

 

Stein Oltedal. Naustdal.

Vikarprest i Indre Bremanger.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"