Midtgulen sokn

Midtgulen sokn dekker kommunesenteret Svelgen, og bygdene vest for denne. Soknet har Svelgen kapell og Midtgulen kyrkje på Kjelkenes til kyrkjelege handlingar.

Kontakt for Midtgulen sokneråd:

Kari Rita Frøyen

 Leiar og   Fellesrådet

 95982956  

kari.rita.frøyen@bremanger.kommune.no 

Bygginga av Midtgulen kyrkje vart starta opp i 1903, 3. mai 1904 vart den vigla av biskop Johan Willoch Erichsen. I 1929 fikk kyrkja nytt orgel. Då kyrkja i 1954 var 50 år vart den måla innvendig med nye fargar, nye vindu med antikkglas og glasmåleri i koret. Motiva her er "Den gode hyrding" og Såmannen" Altertavla er måla av kunstnaren Frida Rusti. Nyleg har kyrkja fått tilbygg med bårerom, reiskapsrom, handitoalett og dåpssakristi.

Kyrkja er delvis tilrettelagt for personar med nedsett funksjonsevne, der ein er avhengig av rullestol eller anna for å kome seg inn i kyrkja. Det er montert teleslynge i kyrkjerommet. I enkelte lysforhold kan interiøret opplevast vanskeleg for synshemma. Utanfor er det skilta parkeringsplass for rørslehemma.

Midtgulen kyrkje vert nytta til gudstenestene helgemesse, lysmesse, 2. juledag, 1. påskedag, konfirmasjon og andre kyrkjelege handlingar.

Svelgen kapell var vigsla i 1960. Kapellet vert nytta til trusopplæringsaktivitetar i tillegg til alle typar gudsteneste, kyrkjelege handlingar og søndagsskule,   

Kapellet  er delvis tilrettelagt for personar med nedsett funksjonsevn, med god tilkomst til kyrkjerommet. Det er ikkje handikaptoalett i kapellet. Elles med velvilje og enkle tiltak inn til møtesal. Det er monter teleslynge i kapellet. Utanfor er det skilta parkeringsplass for rørslehemma.

[Missing text '/cookieconsent/missingConsentSharing' for 'Norwegian, Nynorsk (Norway)'][Missing text '/cookieconsent/missingConsentMessageFunctional' for 'Norwegian, Nynorsk (Norway)']

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"