Konfirmasjon

Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vite meir om seg sjølve, kristendommen og Gud, og om kva trua kan bety i kvardagen.

Konfirmasjon i Dovre kyrkje siste søndag i mai (evt. laurdagen før) og i Dombås kyrkje første søndag i juni (evt. laurdagen før). Alle som går på 8. trinn får invitasjon til informasjon i februar/mars året før.

Konfirmantåret starter med konfirmantleir på Nordfjord folkehøgskule i Gloppen første veka i sumarferien (mellom 8. og 9. trinn). I tillegg er det perspektivtur, besøk på Fredheim, samling med tema kyrkjelege handlingar saman med Lesja, kyrkjegardsvandring, fasteaksjon, diakonisamling for Norddalen, ljosmesse og andre gudstenester.

Artikkelsnarveger