Ti gode grunnar til konfirmasjon i kyrkja

Her er ti gode grunnar som konfirmantar seier om kvifor dei vel kyrkjeleg konfirmasjon.

Bli konfirmant i kyrkja! Foto: Bo Mathisen

1. Du får oppleve kva kristen tru er. Kristendom blir meir enn berre ein del av eit skulefag.

2. Konfirmasjonsdagen er berre din - og du har ein dag der du vert stadfesta for den du er. Ein dag som ikkje er bursdag, men ein heilt spesiell dag der alt er for deg. 

3. Du får oppleve eit nytt fellesskap med andre på samlingar, leir eller weekend, og vert kjent med nye menneske - og kanskje du får ein ny ven?

4. Du får engasjere deg for andre menneske. Dette gjer du mellom anna ved å delta i fasteaksjonen, deer du kan vere med å samle inn pengar til reint vatn saman med Kirkens nødhjelp. Du får også lære kva vi kan gjere for å ta vare på jorda og klimaet vårt. 

5. Konfirmasjon er ei fin anledning for at dei som er glade i deg kan feire deg og det du betyr for dei. 

6. Du får tid til å reflektere over store spørsmål, og bli kjent med kva du trur på - og kva verdiar som er viktige for deg i livet. 

7. I konfirmasjonstida snakkar ein om sorg og glede, om både store og små spørsmål i livet.

8. Vel du konfirmasjon i kyrkja får du mogelegheit til å tenke sjølv. Du får tid til å reflektere, tenke kritisk og sjølvstendig over kva kristen tru er, og kva du trur på. 

9. Som ein konfirmant sa "Å konfirmere seg kristeleg gjev liksom litt meir meining". Du vert ein del av eit større fellesskap. 

10. Du møter folk med forskjellige meiningar og ulike bakgrunnar, og saman med dei lærer du noko felles. 

 

Påmelding til konfirmasjon

Kyrkja du høyrer til sender ut informasjon om konfirmasjonstida og korleis du melder deg på som konfirmant. Nokre stader er det konfirmasjon om våren, andre stader er det om hausten. 

Informasjon om påmelding finn du på lokalkyrkja sine nettside. Dersom du ikkje kveit kva kyrkjelyd du høyrer til, kan du bruke gateadressa der du bur til å finne kontaktinformasjon til kyrkja di.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Etnedal kyrkjelege fellesråd

Kyrkjevegen 26, 2890 Etnedal

Åpningstider: 09.00-15.00 (Måndag, tysdag, torsdag og fredag)

Etnedal kommune: 611 21 300

Kyrkjeverje:  955 28 013

Sokneprest:  913 93 314

Kyrkjetenar:  918 22 336

Sekretær:  948 76 468 (tysdag og torsdag)

Epost: post.etnedal@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"