Kristi himmelfartsdag

Kristi himmelfartsdag 10. mai, på Blesen i Svilosen.

Kristi himmelfartsdag

Vel møtt til gudsteneste på Blesen i Svilosen hos Sigrun og Kåre Espeseth kl. 11

Tradisjonen med gudsteneste oppi åsen Kristi himmelfartsdag, er lang og god.

I meir enn førti år har Bruflat kyrkjelyd hatt gudsteneste i Svilosen denne spesielle dagen i kyrkjeåret.

Dei siste tre åra, og mange gongar før, har møtestaden vore Blesen, men det har også vore gudstenester  på Bergstølen, Juven og Garastølen.

 

Ti dagar etter Kristi himmelfartsdag feirar vi pinse.

1.pinsedag er det høgtidsgudsteneste i Bruflat kyrkje kl. 11, 2. Pinsedag – pinsegudsteneste på Brusveen i Smiugardsbygden kl. 11

 

 

KRISTI HIMMELFARTSDAG

 

Kristi himmelfartsdag feirar vi minnet om Jesu himmelfart,  førti dagar etter påske.

Etter at Jesus har gjeve læresveinane sine misjonsbodet,  blir Herren borte frå deira fysiske synsfelt.  Dei ser han ikkje lenger, men han lovar å vere med dei:

«Sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står» Matt.28,20

Og Jesus ber dei vente på hjelp frå det høge. Vent i Jerusalem, sa han, så skal de få kraft når den Heilage Ande kjem. Han sikta til pinsehøgtida, ti dagar etter, og alt skjedde slik Jesus hadde sagt.

I fylgje apostelgjerningane (1,11) skal Jesus kome att på same måten som dei såg han fara opp til himmelen. To englar i kvite klede fortalde læresveinane dette like etter at ei sky hadde take han bort frå augo deira.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Etnedal kyrkjelege fellesråd

Kyrkjevegen 26, 2890 Etnedal

Åpningstider: 09.00-15.00 (Måndag, tysdag, torsdag og fredag)

Etnedal kommune: 611 21 300

Kyrkjeverje:  955 28 013

Sokneprest:  913 93 314

Kyrkjetenar:  918 22 336

Sekretær:  948 76 468 (tysdag og torsdag)

Epost: post.etnedal@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"