Alt det praktiske ved gravferd

Dødsfall rammar og gjer ein sårbar. Midt i ein sorgsituasjon vert det også mange praktiske spørsmål og oppgåver å ta seg av.I dette informasjonsheftet prøver vi å gje svar på dei mest sentrale praktiske spørsmåla, i samsvar med gjeldane vedtak og retningslinjer.Fedje kommune og Fedje sokneråd ønskjer å legge til rette for at rammene rundt det siste farvel skal bli så gode og verdige som råd er.

Alt det praktiske ved gravferd

Dødsfall

Dei pårørande avgjere om dei vil ta hand om gravferda sjølve, eller om dei vil ta kontakt med gravferdsbyrå. Utlevering av kiste er gravferdsbyrået sitt ansvar.

Gravferdsbyrå

Det er valfritt om, og kva for eit gravferdsbyrå ein vil nytte. Det er dei pårørande si avgjerd. Det skal fyllast ut skjema ”krav om gravlegging og/eller kremasjon”. Gravferdsbyrået har skjema, og det skal sendast kyrkjelydskontoret så snart som råd. Byrået ordner og naudsynte papirer til tingretten, politiet og lokalt NAV-kontor.

Avtale om gravferd

-skal gjerast med presten. Det vert avtalt tid for samtale der ein førebur gravferda. Presten tek kontakt med kyrkjeverje som syt for at melding vert gjeve til organist og kyrkjetenar. Gravferd må haldast innan 10 virkedagar etter dødsfallet. Ein kan ikkje ha gravferd laurdag eller måndag.

Ringing med kyrkjeklokka

Når ein person i Fedje kommune døyr, er det tradisjon for at det vert ringt med kyrkjeklokka. Dei pårørande som ønskjer det, melder sjølv frå til kyrkjeverje, Det vert ikkje ringt på laurdag og sundag.

Båreandakt

Ein kan halde ein andakt etter den døde er lagt i kiste, og før kista vert sett i bårehuset. Ein kan avtale med presten eller med andre om å halde andakten. Det er utarbeidd ein enkel sermoni som kan nyttast.

Bårehuset

Gravferdsbyrået/dei pårørande må syte for at kista vert frakta til bårehuset. Gravferdsbyråa i Nordhordland og sjukeheimen har nøkkel til bårehuset. Kista står i bårehuset til gravferdsdagen, då gravferdsbyrået/dei pårørande er ansvarlege for å frakte kista frå bårehuset til kyrkja. Det må vere minimum tre personar frå dei pårørande.

Gravferdsdagen

Kyrkjetenaren låser opp kyrkja og bårehuset kl. 08:45 på gravferdsdagen, om ikkje anna er avtalt. Kyrkja har teppe til å setja kista på og sjuarma lysestakar. Når gravferdsbyrået ikkje vert nytta, er det dei pårørande som har ansvar for utdeling av sanghefte/salmebok. Det er dei som pyntar kyrkja som og har ansvar for å rydde opp etter gravferda. Det er konteinar ved parkeringsplassen ved kyrkja.

Sermoni

Dersom ein ønskjer det kan ein be organisten spele rolig på orgelet dei siste ti minutta før sermonien tek til. Presten vil gje pårørande informasjon om sermonien i kyrkja og på gravplassen i sørgjesamtalen før gravferda.

Etterpå

Grava vert lukka rett etter gravfølgjet har gått . Grava vert merka med eit kors med den døde sitt namn på, fram til det vert sett opp gravminne. Det er dei pårørande som har ansvar for at grava vert stelt. Meir om dette kan de finne i ”kyrkjegardsvedtekter for Fedje kommune”.

Nokon å snakke med

Dersom ein ønskjer nokon å snakke med i ettertid, er ein velkomen til å ta kontakt med presten.

Viktige telefonnummer:

Kyrkjekontoret: 56 16 43 35 / 951 57 569

Prest: 909 60 154

Kyrkjeverje: 400 65 231

Gravferdsbyrå i Nordhordland:

Vatne Begravelsesbyrå AS: 56 35 09 10

Nordhordland Begravelsesbyrå AS: 56 37 14 10

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fedjekyrkja

Adresse: Stormarkvegen 49
5947 Fedje

Besøksadresse: Stormarkvegen 8

Opningstider:
Onsdag og torsdag kl. 09.00 - 12.00

post.fedje@kyrkja.no

Tlf: 951 57 569 (bruk kontortid)

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"