Endra gudstenestetidspunkt i 2024

Formiddagsgudstenester: kl. 12.30. Ettermiddagsgudstenester: kl. 16.30. Sokneråda på Fedje og Austrheim har begge kvar for seg gitt si tilslutning til at vi no gjer eit forsøk med ein del endringar på klokkesletta for gudstenestene. Det er klokkesletta for gudstenestene i Austrheim som vil vera gjenstand for dei største endringane.

Grunnen til at vi gjer dette, er eit ønskje om ei betre fordeling mellom Fedje og Austrheim når det gjeld formiddags og ettermiddagsgudstenester. Slik det har vore dei siste åra, har Fedje hatt flest ettermiddagsgudstenester og Austrheim flest formiddagsgudstenester.
Fedje og Austrheim deler på den samme presten og etterkvart også den samme organisten. Dermed er det både praktisk og rasjonelt at dei legg gudstenestene til samme søndagen og har to gudstenester samme dagen. Dette skjer i stor utstrekning allereie. Det har likevel vist seg som ønskjeleg at tidsavstanden mellom gudstenestene desse søndagane, bør kortast ned. Dette vil gjera arbeidssituasjonen for prest og organist betre.
Det vil framleis vera eigne klokkeslett på gudstenester 17. mai, julafta, konfirmasjon og likande, akkurat som no.
Nye faste klokkeslett for ordinære gudstenester framover er som følgjer:
• Fedje:
Formiddagsgudstenester: kl. 12.30. Ettermiddagsgudstenester: kl. 16.30 (som no).
• Austrheim:
Formiddagsgudstenester kl. 12.00.
Ettermiddagsgudstenester: kl. 17.00
Staben på Fedje og Austrheim vil gjera det vi kan for å informera om endringane og følgja dette fortløpande opp framover. Vi går no inn i ein periode der vi prøver dette ut. Det betyr at vi er opne for å gå tilbake igjen til gamle klokkeslett om dette ikkje vert ein suksess. På den andre sida kan det vera at desse endringane viser seg å fungera. Uansett vert dette ei sak som begge sokneråda vil følgja nøye med på framover.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fedjekyrkja

Adresse: Stormarkvegen 49
5947 Fedje

Besøksadresse: Stormarkvegen 8

Opningstider:
Onsdag og torsdag kl. 09.00 - 12.00

post.fedje@kyrkja.no

Tlf: 951 57 569 (bruk kontortid)

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"