Nye smittevernreglar frå 4. januar

Regeringa strammar inn tiltak i veke 1 og 2 for å avgrensa fare for smitte.

Dei nye smittevernreglane vil ytterlegare redusera moglegheitar for arrangement i Fitjar sokn.

Gravferd kan framleis gjennomførast med 50 personar - i praksis dei nærmaste pårørande og inviterte.

DET ER IKKJE MOGLEG Å VERA TIL STADES I KYRKJA VED GUDSTENESTENE SØNDAG 10. og 17. JANUAR. GUDSTENESTENE BLIR SENDT PÅ NETT.

Frå før gjeld:
-Minimal 2 meter avstand til andre i kyrkjerommet
-Kyrkja har plikt til å ha oversikt over alle som møter, og det vil difor vera ei enkel registrering av namn ved frammøte. Namnelister blir sletta etter 10 dagar.