I Fitjar sokn har vi ei eigen diakoninemnd som består av: Grete Sætre, Inger Marie Gilje, Kari Raunholm, Agnar Jan Helland og Jan Oddvard Mongstad.
Den norske kyrkja har laga ein mal for korleis ein diakoniplan skal sjå ut. Diakoninemnda i Fitjar er i gong med å laga ein slik plan for Fitjar sokn. Nokre av tiltaka i Fitjar er besøksteneste, sjelesorg, diakoniturar o.a.
Det vil komme informasjon om diakoniturar på heimesida, i Kyrkjebladet og på plakatar. Har du ønske om besøk eller veit om nokon som treng besøk, kan de kontakte nokon av dei i diakoninemnda.