Velkomen til Brandøy-helg 16.-18. oktober

Fitjar indremisjon, i samarbeid med Fitjar kyrkje og Imf Fitjar, inviterer til leir helga 16.-18. oktober.  Alle er velkomne, uavhengig av tilknyting og alder. Marit Andresen Røen, evangelist i Indremisjons-samskipnaden, vert med som forkynner denne helga. I tillegg bidreg ulike lokale krefter frå Fitjar.

Brandøy misjons- og konferansesenter ligg på Bjoa i Vindafjord kommune, og har adresse Bjoavegen 1213. Det tar vel 1,5 time å køyra til Brandøy frå Fitjar. På internatet er det rom med alt frå 3-5 sengeplassar, og alle romma har eige bad. Det er dyner og puter til alle senger, men ein må sjølv ha med seg sengjetøy (laken, putevar og dynetrekk, eller laken, putetrekk og sovepose), eller ein kan leige dette på Brandøy. Brandøy er eigd av Indremisjonssamskipnaden, og vert i hovudsak driven som leirplass. Hovudbygget har internat, møtesal, peisestove og matsal. I tillegg er det ein stor aktivitetshall på Brandøy, og tre hytter. Det er eit stort uteområde med skog, leikeplass, ulike ballbanar, plen og strandlinje/kaianlegg.

 

Pris for heile helga:

Vaksen (16+): 1120,-

13-16 år: 760,-

8-12 år: 680,-

3-7 år: 600,-

Under 3 år: Gratis

Maks pris pr familie: 3550,-


Tillegg for einerom: 300,- Leige av laken: 30,- Leige av sengetøy: 100,- Oppredd seng+handkle: 220 Ladin av el-bil pr gong: 50,-


Påmelding innan 2. oktober 2020, til Marianne H Aarbø på tlf 952 50 205 el e-post: marianne.h.aarbo@haugnett.no Påmeldinga må innehalda: Namn på alle, alder, ev ynskje om einerom og oppreidde senger, ev ma allergiar og liknande (og alvorlegheitsgrad!), kontaktinformasjon (tlf nr/e-postadresse)

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
vekedagar  kl. 10.00-11.30 og 12.30-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"