​Ei høgtid med kontrastar

Påskehøgtida er dagar fylt med kontrastar. Skjærtorsdag er ein dag med ytterlegheiter. På den eine sida finn me den inderlege fellesskapen omkring påskemåltidet. På den andre sida er dette sviket si natt, då Judas gjev Jesus i fiendehender og Peter fornektar han. Her finns inderleg nærvær, glede og fellesskap blanda saman med svik, redsle og fornekting.

På langfredag døydde Jesus og steig ned til dødsriket. På denne dagen vart Guds hjarta opna og Guds smerte avslørt. Langfredagen er ikkje berre dagen då Jesus døydde. Den er også den dagen då me ser at menneskeslekta sin vondskap og synd treff Gud sitt hjarta.                                     

Krossen er ikkje berre dei kristne sin eigedom, men krossen sine armar omfamnar heile verda. Jesus døydde for heile verda sine synder. Krossen er vårt fremste teikn på håp. Når vi teiknar oss med krossen, ber krossen som smykke eller heng det på veggen tyder det at me seier ja til det og vil leva i forsoning med Gud.

Etter den førte påskedagen er ingenting likt i verda. Alt er endra etter Jesu oppstode. Det yttarste sanne er ikkje lenger døden men livet. Oppstoda er ikkje ein filosofiske haldning til livet, men byggjer på ei historisk hending ein gong i tida på ein bestemt plassmed ein særskilt person i sentrum – Jesus Kristus. Kristen tru handlar om korleis livet sigrar over døden på alle plan.

Erfaringa med påska er så grunnleggjande for kyrkja sitt liv at påskefeiringa skjer kvar søndag. Sjølve påskehelga sin bodskap er at Gud sine løfter har vist seg å vera sanne, og påska sitt liv er det berande i kvar gudsteneste. Påska sitt liv er også det som ber i det kristne livet.

Du är livet 
starkare än døden
Me dig i mitt hjärta ​​​​​

kan jainte         

Margareta Melin

 

Roald Drønen​​​​​​
sokneprest

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
vekedagar  kl. 10.00-11.30 og 12.30-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"