Bli med på gjevartenesta og støtt trusopplæringa i Fitjar kyrkjelyd.
Dei siste åra har Fitjar sokneråd satsa sterkt på trusopplæring for barn og unge i kyrkjelyden. Frå bispedømet får me tilskot til å dekka ca. 40% stilling som trusopplærar, men ved hjelp av lokal finansiering har me greidd å auka stillinga til 90%. Dette har opna for eit arbeid med stor breidde og høg kvalitet. Randi Lønning Matre, som har ansvar for trusopplæringa, er ein svært dugande medarbeidar. Gjennom året gjennomfører ho og sokneprest Olav Oma, saman med gode frivillige medarbeidarar, mange kjekke aktivitetar for dei unge.
Starta fast betaling gjevarteneste trusopplæring
For å halda oppe aktiviteten i trusopplæringa vert det brukt oppsparte pengar. Me ser no at det er behov for høgare inntekter for å halda aktiviteten gåande. Difor inviterer me til fast gjevarteneste for trusopplæringa i kyrkjelyden. Det er alt fleire personar som kvar månad gjev faste gåver til kyrkjelydsarbeidet i Fitjar, men me håpar fleire vil vera med.
Å starta gjevarteneste med fast trekk kvar månad er enkelt med løysingane som er tilgjengelege på mobil- og nettbank - sjå video:
Stortinget synest vel om det frivillige arbeidet som føregår rundt i landet. Difor har dei vedteke å gje 22% skattefrådrag for gåver til slike gode tiltak. Denne ordninga gjeld og for gåver til kyrkjelydsarbeidet i Fitjar.
Me som er med i komiteen for gjevartenesta har som mål å få inn kr. 20.000,- i gåver til trusopplæringa kvar månad. Om mange vert med, er det ikkje så store summen frå kvar som skal til for å nå målet.
Ta kontakt med ein av oss i komiteen dersom du ynskjer meir informasjon eller treng hjelp for å vera med på tenesta. Elles vil du finna nyttig informasjon på kyrkja si heimeside og på Facebook.
Kyrkja sin bankkonto for gåver er 3546 29 05805
Mette Lambach, Roald Drønen, Harald Rydland
Del
Lenken er kopiert til utklippstavlen din!
Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:
Se instruksjoner for din nettlester under:
Internet explorer
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Chrome
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Firefox
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert